Sjukepleiar ved Hjertepost/ MIO  – Hjerte post Haugesund sjukehus

Health and social care Sykepleier

(2 dager siden)

  • HAUGESUND
  •  Lagt til dato: 29. oktober 2024
  •  Expire date: 12. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 29-10-2024
Deadline: 12-11-2024

 

Sjukepleiar ved Hjertepost/ MIO 

Hjerteposten og MIO ved Haugesund sjukehus har ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus. Snarlig tiltreding eller etter avtale.

Hjarteposten og MIO er ein del av Hjarte- og lungeseksjonen og består av ein kardiologisk sengepost og ei medisinsk intermediær overvaking (MIO). Per i dag er det 9 senger på Hjarteposten og 6 senger på MIO.

Ved Hjarteposten behandlar vi pasientar med hjartesjukdommar som akutt/trugande hjarteinfarkt, arytmiproblematikk, behov for pacemaker, hjartesvikt og andre hjartelidingar. MIO tek seg av pasientar som treng overvaking, inkludert pasientar med sepsis, ketoacidose, forgifting, hjerneinfarkt, arytmi, elektrolyttforstyrringar og respirasjonsproblem som krev respirasjonsstøtte. MIO bemannar også sjukehuset sin scop-/telemetrisentral, og scopvakta er ein del av hjartestans-teamet.

Vi arbeider i team, der ulike yrkesgrupper samarbeider tett for å gi best mogleg kvalitet i pasientbehandlinga. Kvalitet og læring står sentralt. I avdelinga har vi eigne fasilitatorar som sikrar årlege AHLR-simuleringar, i tillegg til vekentlege simuleringar knytt til NEWS og akutte situasjonar.

Vi har også ein hjartepoliklinikk med høg aktivitet, med om lag 8000 årlege konsultasjonar. På poliklinikken arbeider dedikerte sjukepleiarar, fleire spesialiserte innan fagområde som hjartesvikt, arytmi og pacemaker.

Avdelinga er i endring, og Hjartepost og MIO skal flytte inn i nyoppussa lokale etter kvart. Vi søkjer etter sjukepleiar som ønskjer å vere med oss og bygge opp ein god Hjartepost/MIO, og som har eit sterkt fagleg fokus.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, behandling, overvaking og pleie av pasientar
  • Iverksetjing av sjukepleietiltak
  • Medikamenthandtering
  • Bruk av medisinsk teknisk utstyr
  • Samarbeid med kommunar
  • Oppfølging av pårørande
  • Veiledning av studentar og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant sjukehuserfaring er ein fordel
  • Kjennskap til hjartepasientar og akutt kritisk sjuke
  • Fagleg engasjert og interessert
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestådd norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Trivast med å arbeide med mennesker
  • Du bidrar til gode og trygge pasientforløp
  • Har evne til å motivere og engasjere
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du held deg roleg og objektiv i stressande eller krevande situasjoner
  • Har god arbeidsmoral, ståpåvilje og er ansvarsbevisst
  • Kan arbeide sjølvstendig og i team
  • Ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar blir vektlagt

Kvifor velje oss:

  • Som nytilsett får du eit tilpassa opplæringsprogram slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt
  • Vi har ein 12-månaders kalenderplan som gir deg høve til involvering og god forutsigbarheit
  • Hos oss er fagkompetanse viktig, og vi støttar relevante vidareutdanningar, mellom anna innan kardiologi, intensiv og palliasjon
  • Du får fordypningsdagar, fagdagar og simuleringstreninger kvart år
  • Vi har kombinasjonsstillingar mellom Hjertepost, MIO og poliklinikk for dei som ynsker
  • Du blir ein del av eit aktivt og positivt arbeidsmiljø med dyktige og hyggelege kollegaer
  • Du får ein spennande, meiningsfull og utfordrande jobb

 

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA)
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Dersom ønske om førerett må dette oppførast i søknaden

 

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anna Flotve, Funksjonsleiar, +47 41863981, anna.flotve@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgaten 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4878583706
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjerte post Haugesund sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside www.helsefonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgaten 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3aa5bcc3-bfff-441e-9d4f-7d3e3d1c3989
IMPORTAPI