Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar – Helse Bergen

Health and social care Sykepleier

(2 dager siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 18. november 2024
  •  Expire date: 3. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-11-2024
Deadline: 03-12-2024

 

Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. For desse stillingane er det krav om norsk autorisasjon.

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid.

Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.

Arbeidsoppgåver

Intensiv- og postoperativ avdeling Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Vi overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. Vi har allsidige arbeidsoppgåver og og varierte pasientgrupper: Ortopediske, kirurgiske og hovud-hals-pasientar. Ønskeleg med 2 års relevant erfaring og gjerne erfaring frå postoperativ avdeling, spesialisthelsetenesta. Erfaring frå kirurgiske pasientar er ein fordel. Vi har 3-delt turnus og jobber 16 helgar på 52 veker.
Kontakt: Benedicte Mjelde Vogt, Tlf 99642393 eller Mette Ravnøy, Tlf 97008914.

Thorax intensiv- og oppvakningsseksjon (TIO) ivaretar nyopererte hjarte- og lungepasientar. Vi behandlar også kirurgiske og medisinske thoraxpasientar som treng avansert intensivbehandling, og har regionsfunksjon for behandling med VA-ECMO. Dette gir deg ein unik moglegheit til å dyktiggjerast i overvakingskompetanse til  postoperative- og intensivpasientar. Vi samarbeider også med intensiv- og postoperativ seksjon og hjelper kvarandre på tvers av avdelingar. Arbeidsoppgåvene består mellom anna i overvaking, sjukepleie og intensivbehandling til nyopererte hjarte, lunge, og karkirurgiske pasientar. Det er ønske om 2 års relevant arbeidserfaring frå overvakingsavdeling eller hjarteavdeling. Du vil få god opplæring og oppfølging. Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med oss. 
Kontakt: Marianne K. Årvoll, Tlf. 97772254 eller Tine Lyssand Andersen, Tlf. 55970377/ 90667135.

Gastrokirurgisk avdeling har ledig 100% faste stillingar i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. 
Vi er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Svært lærerike postar med godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. 
Kontakt: Post 1: May-Britt Sudmann, Tlf. 90784700 eller Anette Haatuft Haugland, Tlf. 55973408 Post 3: Marius Andreassen Tlf. 55973508

Seksjon for blodsjukdommar har ledig 100% faste stillingar i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Seksjonen har ein fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon og regional funksjon for autolog stamcelletransplantasjon. Hovuddiagnosar er leukemi- og myelomatosepasientar, samt andre hematologiske lidingar. Seksjonen skal utvide transplantasjonsverksemda og skal flytte til nye lokale i Marie Joys hus mars 2025 og treng fleire medarbeidarar. Vi er ein seksjon under utvikling med mange moglegheiter for nye utfordringar og spennande oppgåver. Vi søker fleire dedikerte og faglege dyktige sjukepleiarar til vår seksjon. Vi er ein tverrfagleg seksjon som jobbar med diagnostikk og behandling av blodsjukdommar. Vi ønsker deg som vil vere med på å gi våre pasientar den beste omsorgen. 
Kontakt: Ina Kobbeltvedt Endregaard, Tlf. 55973706/99498863 eller Mona-Helen Toftevåg, Tlf. 417617.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Seksjon for infeksjonssjukdommar – Medisin 5 vest behandler primært infeksjonssjukdommar. Dei vanlegaste diagnosane er: pneumoni, UVI, erysipelas, endokarditt, sårinfeksjonar, importsjukdommar og tuberkulose. Pasientar med smittsam lungetuberkulose blir isolert på eit av postens to undertrykksisolat. Posten har også kritisk sjuke pasientar med sepsis som har behov for overvaking. I tillegg har posten ein del pasientar med generelle indremedisinske sjukdommar. Ved posten jobbar engasjerte overlegar, legar i spesialisering, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og helsefagarbeidarar, samt studentar fra ulike faggrupper.
Kontakt: Hege Cecilie Sørby, Tlf. 55973703/98662422.

Medisinsk undersøking, vårt fagområde er endoskopisk- og ultralydbasert utgreiing og behandling av gastroenterologiske sjukdommar og plager. Dagleg utfører vi opp mot 40-50 undersøkingar. Vi tilbyr eit breitt spekter av tenester, inkludert gastroskopi, koloskopi, endoskopisk ultralyd, gallegangsundersøking samt avanserte endoskopiske behandlingsformer. I samarbeid med medisinske og kirurgiske legar, samt barnelegar og anestesipersonell sikrar vi heilhetleg omsorg til våre pasientar.
Utanfor ordinær opningstid har vi eit vaktteam for akutte tilstandar som blødingar i mage- og tarmkanalen, fjerning av fremmedlegeme og andre hastesaker.
Avdelinga vår har eit observasjonsrom og ni undersøkingsrom, der vi følger eit strukturert dagsprogram for både inneliggande og polikliniske pasientar.
Stillinga er fordelt med 80% knytt til medisinsk undersøkingsavdeling og 20% knytt til fellesvaktar i medisinsk klinikk. Dei fleste av fellesvaktene vil vere i eigen eining. Arbeidstid er vanlegvis frå 07.30-15.30, måndag til fredag. Nokre langvaktar til 16.30. Heimevaktordning i eininga med beredskap utanom ordinær arbeidstid.
Kontakt:
 Roy Cato Solheim, Tlf. 55972137.

Kreft post 2 er ein sengepost med 35 senger. Post 2 behandlar i hovudsak diagnosar knytta til kreft i hovud/hals, øvre mage/tarm, lunge, pancreas, urinvegar, prostata, lymfom og sarcom. Avdelinga har ein regionfunksjon og landsfunksjon innanfor einskilde diagnosar. Behandlinga som blir gitt er kurativ og pallitativ medikamentell kreftbehandling og strålebehandling, og biverknader knytta til sjukdom og behandling.
Vi fokuserer på ein heilskapleg tverrfagleg tilnærming ovenfor pasient og pårørande med tverrfagleg samarbeid. Personalet er organisert i 4 diagnoseteam for å betre kunne ivareta kontinuitet i pasientbehandlinga. Avdelinga er ein stor avdeling med nær 70 tilsette.
Ønsker du å arbeide i eit godt og utfordrande fagmiljø og bidra til å utvikle tenestene våre er dette noe for deg. Vi søker etter sjukepleiar/kreftsjukepleiar med interesse for å arbeide i eit aktivt og triveleg arbeidsmijlø med fokus på god pasientomsorg.
Kontakt: Birgitte Langøy Olsen, Tlf. 45860728.

Hud og revmatologisk sengepost er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet. Revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdommar i Hordaland. Vi tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Sengeposten har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar både med hud og revmatologiske lidingar. Det er både elektiv verksemd og augeblikkeleg hjelp. Sengeposten disponerar 15 sengeplassar i vekedagane, og 10 i helgane. Arbeidstida består av 3-delt turnus, men hovedtyngden av vaktar er for tiden på dag og aften. Det er gjennomsnittleg arbeid hver 3 helg. Fra ny turnus 03.03.2025 kan det bli muligheter for å arbeide gjennomsnittleg hver 4 helg med langvakter på 12 timer på helg lørdag og søndag om ønskelig. Vi held til i Hudbygget på Haukelandsområdet. 
Kontakt: Nina Alsaker Bergsvik, Tlf. 55973944 eller Rasmus Sørland, Tlf. 55973999.

Hud poliklinikk/ Hud og Revmatologisk sengepost har ledig kombinasjonsstillingar som sjukepleiar med delt arbeidsstad mellom poliklinikk og sengepost. Den eine stillinga er 85% på hud poliklinikk og 15% på hud og revmatologisk sengepost med arbeid ca. kvar 4. helg på sengepost. Den andre stillinga er 50% på poliklinikk og 50% på sengepost med 3-delt turnus på sengepost., og ca. 4 veker på kvar stad.
Hud poliklinikk inkluderer dagpost og poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar. Hovudoppgåvene er å diagnostisere og behandle hudsjukdommar og seksuelt overførte infeksjonar. Dei vanlegaste hudsjukdommane er psoriasis, eksem, allergiske sjukdommar, blemmesjukdommar, hudkreft og kroniske sår. Arbeidsoppgåver er behandling, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Avdelinga driv undervisning og er engasjert i ulike forskingsprosjekt. 
Kontakt: Hud og revmatologisk sengepost: Nina Alsaker Bergsvik, Tlf 55973944/Hud poliklinikk: Trude Gildestad, Tlf 55974037.

Lunge post 3 ​​​​​​​er ein sengepost med 22 sengeplassar. Avdelinga greier ut og behandlar i hovudsak pasientar med lungekreft, lungeinfeksjonar, KOLS og pasientar med cystisk fibrose. I tillegg har avdelinga eige luftsmitteisolat til pasientar med tuberkulose. Hos oss vil du få ein bratt læringskurve i trygge oomgjevnader og vi kan tilby eit spennande fagfelt. Vi har 3-delt turnus med kvar 3. helg i årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus.
Kontakt: Sandra Strømmen Hansen, Tlf. 55973533

Du må: 

  • Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vil få dette ila desember 2024/januar 2025
  • Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
  • Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa

Vi tilbyr deg: 

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4887376529
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6d43627f-e437-4d1f-b0cd-63b8c2c359c3
IMPORTAPI