Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar – Nevrologisk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF

Health and social care Sykepleier

(15 timer siden)

  • MOLDE
  •  Lagt til dato: 20. oktober 2024
  •  Expire date: 4. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 20-10-2024
Deadline: 04-11-2024

 

Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar

Vi trenger å få fleire med på laget, og kanskje er akkurat du den rette? 

No er det ledig ei 100% tredelt stilling og ei 75% pt nattstilling ved Nevrologisk sengepost. Her vil du bli ein del av eit inkluderande og spennande team, med høg fagleg kompetanse. Trivst du med å jobbe pasientretta, likar å jobbe i team men og sjølvstendig? Er du fleksibel og positiv? Då kan du vere den sjukepleiaren vi søkjer etter. Har du relevant videreutdanning, er det berre eit pluss. Har du faglige ambisjoner, kan det bli aktuelt med vidareutdanningar knytt til fagområda i avdelinga.

Om under eit år flyttar vi til nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset, avdelinga vil da innehalde geriatri og ortogeriatri, i tillegg til generell nevrologi og slag. Dei kommande månadane vil bli spennande, kor vi bygger fag og lag!

Har du interesse for geriatri eller ortogeriatri, håper vi at du tek kontakt.

Nevrologisk sengepost har 18 senger, med nevrologiske og slagpasienter. Her kjem pasientane inn som ø-hjelp eller elektivt/planlagt. Seksjonen omfattar sengepost, dagbehandling og poliklinikk. Vi har Klinisk Nevrofysiologisk Laboratorium, og spesialsjukepleiarar innan fleire av fagområda. Det skjer spennande forsking på fleire av fagområda.

Ved interne omrokkeringar, kan andre stillingar bli ledige.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp som tillegg til CV.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til pasientar på sengepost
  • Legemiddelhandtering
  • Stell og pleie
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Gjere seg kjent med, og holde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
  • Rettleiing til sjukepleiestudentar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning kan bli prioritert
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du må ønske å jobbe med den nevrologiske pasienten
  • Ha gode samarbeidsegenskaper; jobbe i team, men også selvstendig
  • Vere positivt innstilt og ta initiativ
  • Vere ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysningsorientert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og
padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og
fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale
ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og
spisestader.
Les meir om Molde og Romsdalen her. 

Kontaktinformasjon

Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041, monika.bolsones.knutsen@helse-mr.no

Arbeidssted

Parkvegen 84
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4871698028
Stillingsprosent: 100, 75%
Fast
Startdato: 04.11.2024
Søknadsfrist: 04.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nevrologisk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted MOLDE (Adresse: Parkvegen 84 Postnr: 6412)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 04-11-2024
Søknadsfrist 04-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c336d543-f586-4128-a84e-a51c88a821e5
IMPORTAPI