Sjukepleiar – Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Health and social care Sykepleier(16 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 28-11-2024
Deadline: 15-12-2024
Sjukepleiar
Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har grunna avgang til pensjon og vakanse ledig 3×100 % fast stilling som sjukepleiar.
Arbeidsstad er pt. avdeling bufellesskapet. Sjukepleiestillingane er pt. innplassert i tre-delt arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg.
Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune.
Sjukepleiar i omsorgsdistriktet har vaktsamarbeid, og ein får soleis erfaring frå både bufellesskap, sjukeheim og heimetenester. Sjukepleiarar bemannar også legevaktsatelitt etter gjennomgått kompetansehevande kurs.
Alle helse og omsorgstenster er samlokaliserte i Sandøytunet på Harøya. Det er godt samarbeid med kommunal legetenester mellom anna med arbeid i Tverrfagleg helseteam som har møter to gongar i veka for samarbeid om pasientar- for gode pasientforløp.
Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse- Nordøyvegen.
Det er fokus på tenester der folk bur i Ålesund kommune. Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.
Arbeidsoppgåver
- Pasientnært arbeid i bufellesskap
- Primærkontakt oppgåver
- Inngå i sjukepleiegruppa i omsorgsdistriktet, og bakvaktsamarbeid
- Ivareta oppgåver og prosedyrer knytt til stillinga som sjukepleiar
- Rettleiing og opplæring av anna personale, studentar og pasient/pårørende
- Samarbeide med tilsynslegar, sjukehus og anna tverrfaglig samarbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
- Beherske dei vanligaste IKT-verktøya
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner (munnleg og skriftleg)
- Kan arbeide sjølvstendig og effektivt
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Vilje til å stå på for gode tenester
- Bidra til å skape eit trygt og meiningsfylt tilvere for pasientane
- Fokus på godt pårørande samarbeid
- Du må vere strukturert og løysingsorientert
- Ha interesse og gjerne erfaring frå eldreomsorgen
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Personlege eigenskaper blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø
- Kompetanseheving og fagutvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande tariff
- Gode pensjonsordninger
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Røyset, Verksemdsleiar, +47 922 67 952
Arbeidsstad
Austrevegen 11
6296 Harøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 4882304883
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 15.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune orgnr: 974013371 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ. |
Webside | http://www.alesund.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | HARØY (Adresse: Austrevegen 11 Postnr: 6296) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 06-01-2025 |
Søknadsfrist | 15-12-2024 |