Stillingsbeskrivelse

Published 25-11-2024
Deadline: 06-12-2024

 

Sjukepleiar

Seksjon for ØNH og kjevekirurgi SNR, arbeidsstad ØNH poliklinikk Kristiansund, har ledig vikariat for sjukepleiar i 50 % stilling.
Vikariatet er ledig frå 06.01.2025 til 03.05.2026. Arbeidsdagar blir måndag, tysdag og halve torsdag. Du vil bli del av eit team som samarbeidar tett. Poliklinikken byr på variert arbeid.

Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

  • ØNH poliklinikk med søvnregistrering, allergitesting/desensibilisering, reinhald av utstyr, bestilling av varer med meir
  • Assistere på mindre kirurgiske prosedyrar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Tidlegare relevant erfaring vil bli vektlagd
  • Gode norsk-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og samarbeidsvillig
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Personleg eignheit blir vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Benny Blomkvist, Seksjonsleiar (lege), benny.blomkvist@helse-mr.no

Arbeidssted

Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4888217833
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 03.05.2026
Søknadsfrist: 06.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ØNH OG KJEVEKIRURGI MOLDE OG KRISTIANSUND, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974746948
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted KRISTIANSUND N (Adresse: Herman Døhlens vei 1 Postnr: 6508)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 06-01-2025
Søknadsfrist 06-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2bf5249b-13e5-489f-a992-fd74fd560855
IMPORTAPI