Sjukepleiar og vernepleiar ved Avdeling for rusmedisin  – Helse Bergen HF

(7 dager siden)

  • TERTNES
  •  Lagt til dato: 23. mars 2025
  •  Expire date: 6. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 23-03-2025
Deadline: 06-04-2025

Sjukepleiar og vernepleiar ved Avdeling for rusmedisin 

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved Avdeling for rusmedisin. 

Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert speleavhengnad. AFR tilbyr ulike behandlingsformer; ambulant og poliklinisk behandling, legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og ulike typer døgnbehandling – avrusing, stabilisering, medikamentfri behandling og kjønnsdelt behandling. Avdelinga tilbyr også tvang etter HOL. Forutan dei ni kliniske seksjonane har avdelinga ein seksjon for forsking og eit kompetansesenter innan rusfeltet- KoRus, i tillegg til andre utviklings- og forskingsprosjekt integrert i behandlinga.  

Avdeling for Rusmedisin har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar med oppstart i sommar ved AFR Tertnes, Kvinneposten. Stillinga inngår i turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.

Kandidatar som startar i stillinga vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Avdeling for Rusmedisin (AFR), pt i sommarturnus ved AFR Tertnes. Frå hausten 2025 kan stillinga bli ved same avdeling eller ved ein av AFR sine mange spennande avdelingar. Vidare arbeidsstad vil bli avtalt nærare i dialog med med den tilsette. 

Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 25/26 – 32/33. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleiarutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. 

Seksjon Tertnes består av Kvinneposten og Familieambulatoriet. Seksjon Tertnes har eit breitt behandlingsopplegg og tilbyr mentaliseringsbasert terapi (MBT), miljøterapi, individualterapi, gruppeterapi, familieterapi, COS-P-terapi, musikkterapi, kunstterapi og treningsterapi. Alt satt i system for å ivareta pasientanes moglegheit for heilskapleg utvikling. Vi ønsker å skape eit miljø med struktur og gode rammer og som ligg til rette for at pasientane kan styrke sine eigne ressursar. Seksjon Tertnes er breitt tverrfagleg samansett med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar/hjelpepleiar, treningsterapeut, barnevernspedagog, familieterapeutar, kunstterapeut, musikkterapeut, erfaringskonsulent, lege og psykologspesialistar.

Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner, der vi jobbar ut frå ein modell kor rammer, struktur og eit støttande miljø stimulerer indre modningsprosessar, som gjer den enkelte i stand til å realisere sitt potensial.

Familieambulatoriet tilbyr friveleg behandling for gravide og familiar med barn i alderen 0-6 år, der éin eller begge foreldre har vanskar relatert til rusmiddel eller avhengigheitsskapande medikament. FA ein rein poliklinikk som samarbeider tett med Kvinneposten dersom det er behov for innlegging i brukarstyrt seng eller ved behov for elektiv innlegging.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og ivaretaking av pasientar og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Medisinhandtering
  • Motivasjonsarbeid for å skape endring
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten og bidra i det tverrfaglege samarbeidet
  • Co-terapeut i gruppebehandling

Kartlegging og tiltak:  

  • Kartlegging av sosialt nettverk, arbeid, skole og anna
  • Kartlegging av rusmiddelbruk
  • Kartlegging av somatisk og psykisk helse
  • Vurdering av andre tilbod og behandling
  • Koordinering av tiltak saman med aktuelle samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel og personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Førarkort klasse B
  • Må ha gode kunnskaper i norsk munnleg og skriftleg

    Personlege eigenskapar

    Du må ha:

    • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
    • evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfagleg team
    • evne til å sjå pasientane sine behov
    • positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
    • respekt for kvar enkelt pasient
    • erfaring med pasientgruppen er ønskeleg
    • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa

    Vi tilbyr

    • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
    • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
    • Fagleg og personleg utvikling
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

    Kontaktinformasjon

    Trude Larsen, Seksjonsleiar, 98800425
    Katrine Erstad Rødlyng, Teamleiar, 90713289
    Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

    Arbeidsstad

    Tertnesveien 35
    5113 Tertnes

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 4942255336
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 06.04.2025

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Helse Bergen HF orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Webside www.helse-bergen.no
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Sykepleier
    Sted TERTNES (Adresse: Tertnesveien 35 Postnr: 5113)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Høyere utdanning
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 06-04-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/66064a6d-980f-419b-985e-a06ba3b4e53c
    IMPORTAPI

    Generic filters
    Exact matches only
    PrevNext
    SuMoTuWeThFrSa
         12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
    31