Stillingsbeskrivelse

Published 19-11-2024
Deadline: 03-12-2024

 

Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Avdeling for rusmedisin 

Avdeling for rusmedisin (AFR) treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved ulike einingar

AFR tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. AFR satsar også sterkt på forsking og
kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta. AFR har om lag
600 tilsette og ti kliniske seksjonar som tilbyr avrusing, stabilisering,
poliklinikk, døgnbehandling for både kvinner og menn, familieambulatorium,
LAR-behandling og ambulante tenester. Vi har også det einaste medikamentfrie
behandlingstilbodet i vår region for unge mellom 18 og 40 år.  

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa. Oppgi kva avdeling(ar) du søker og når du kan starte i stillinga. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. For desse stillingane er det krav om Norsk autorisasjon.

Seksjon Dr. Martens 
Tvangspost: har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar. Pt 2-delt turnus, kvar 3 helg, eigne nattevakter.

*  LAR poliklinikk har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan psykisk helse og rus. Stillinga er for tida i Øvregaten der LAR Omegn og LAR Bergenhus er samlokalisert. Dagarbeid, det kan bli aktuelt med arbeid kvar 6. laurdag.

Ein blir tilsett i 100% fast stilling i AFR, pt ved ein av våre avdelingar.  Her kan du lese meir om AFR

Arbeidsoppgåver

Dr. Martens er ein del av Avdeling for Rusmedisin (AFR) i Helse Bergen. institusjonen ligg i Ytre Sandviken. Vi gir tilbod om behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Dr. Martens inneheld for tida ein avrusing/korttidspost, samt ein tvangspost.

Tvangspost: Sengeposten har 4 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Overordna målsetting med opphaldet er avrusing, stabilisering samt motivering og tilrettelegging for frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Dette kan innebere både å hindra akutt, livstruande skade i nær framtid, og på sikt få pasienten rusfri eller inn i eit tilvære med vesentleg lågare rusmiddelforbruk. Det blir lagt vekt på høg grad av individuell tilrettelegging og brukarmedverknad, og tett samarbeid med pårørande og kommunale tenester/andre tenester. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår. Arbeid kvar 3 helg, dag/ettermiddagsvakter.

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid, du har engasjement for målgruppa og engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap. For å oppretthalde samasettinga av personalgruppa oppfordrast menn om å søke.
Kontakt: Hege Ramsli Njøten, Tlf. 94507983 eller Kato Oksnes, Tlf. 92415709

LAR poliklinikk Øvregaten Legemiddelassistert rehabilitering er eit behandlingstilbod innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling til personar som er avhengige av heroin eller andre opioid (morfinliknande stoff). I behandlinga nyttar ein legemiddel som inneheld metadon eller buprenorfin, eller både buprenorfin og nalokson (t.d. Suboxone). Bruk av desse legemidla gjer at pasientane ikkje lenger har behov for heroin. Det gjer rehabilitering og behandling av andre lidingar hos pasienten mogleg. Oppgåver vil vere oppfølging av pasientar i LAR, medisinutdeling og samarbeid med andre instansar.
Kontakt:  Anny Berge tlf 41124126

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av pasientar, individuelt tilpassa miljøterapi, skape struktur i kvardagen, aktivitet og støttesamtalar.  Tverrfagleg samarbeid i team med oppfølgingsansvar som primærkontakt og å bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar eller vil få dette desember 2024/januar 2025
  • Det er ønskeleg med erfaring innan fagfelta Psykiatri/Rus og ein må meiste norsk skriftleg og munnleg 

Personelege eigenskapar:

  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad. Du må vere tolmodig, fleksibel og utholdende og ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Du evner å kommunisere og samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer og du trivst i eit til tider hektisk miljø, har godt humør og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse                                                                                                                                                                                    
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Hatleveien 7D
5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4887305590
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted BERGEN (Adresse: Hatleveien 7D Postnr: 5038)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1df93a73-5e43-4dd5-849e-781351cebada
IMPORTAPI