Sjukepleiar – Nevrologi og Rehabilitering sengepost, Helse Førde
Health and social care Sykepleier(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-11-2024
Deadline: 10-12-2024
Sjukepleiar
Kom og bli med! Vi har utvida sengeposten og treng difor fleire positive og engasjerte tilsette med oss på laget.
Nevrologi og Rehabilitering sengepost har i haust flytta inn i eit flott nytt bygg med einerom til alle våre pasientar og moderne lokalitetar.
I dag består sengeposten av 26 sengeplassar.
Den nye sengeposten vår består av 14 nevrologisenger, der to av desse blir overvakingssenger for slagpasientane i akuttfasen. Rehabilitering er eit satsingsområde og vi jobbar mot å tilby 8 senger for spesialisert rehabilitering. Eksempel på type rehabilitering kan vere etter gjennomgått hjerneslag, traumer, opptrening etter amputasjon.
Resterande senger i etasjen vert nytta som utlokaliserte senger frå andre sengepostar. Det kan vere pasientar tilknytta kirurgi og kreft, men også andre fagfelt.
Den nye sengeposten er ein svært spennande og lærerik arena, med gode moglegheiter for fagleg utvikling innanfor mange ulike fagfelt, men spesielt innanfor nevrologi og rehabilitering.
Vi ønsker deg velkomen som søkjar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver som pasientoppfølging, forsvarleg medikamenthandtering, legevisitt, samtaler med pårørende m.m.
- Dokumentasjon (Dips, Meona, Imatis).
- Undervisning og rettleiing av andre yrkesgrupper, kollegaer, pasientar, pårørande og studentar
- Delta i tverrfagleg team omkring pasientar med komplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
- Bidra i relevant forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
- Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
- Løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
- Fleksibel og engasjert
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Utfordrande og variert arbeid
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, +47 924 99 376
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4882030920
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 10.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Nevrologi og Rehabilitering sengepost, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 06-01-2025 |
Søknadsfrist | 10-12-2024 |