Sjukepleiar – Natt-tenesta i Kvam, Kvam herad

Health and social care Sykepleier

(18 timer siden)

  • NORHEIMSUND
  •  Lagt til dato: 9. oktober 2024
  •  Expire date: 24. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 09-10-2024
Deadline: 24-10-2024

 

Sjukepleiar

Er du sjukepleiar og trivst med å jobba på natt? 

Me søkjer sjukepleiar til ledig 50 % vikariat i Natt-tenesta frå 18. desember 2024 og med eitt års varigheit. Vikariatet er for tida knytt til oppdrag på natt, for meir informasjon om arbeid knytt til stillinga, ta kontakt med gruppeleiar i Natt-tenesta.

  • Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg og i heimetenesta
  • Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene

I Natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein engasjert og nytenkjande sjukepleiar. Velkomen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

Sjukepleie til heimebuande og på institusjon.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må ha sertfikat klasse B 
  • Erfaring frå nattarbeid er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (tilsvarande BI)

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

  • Tek ansvar og likar ei utfordring
  • Fleksibel og nytenkjande
  • Jobbar sjølvstendig, men har og har god evne til samarbeid

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
  • Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

    Generell informasjon
    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Kontaktinformasjon

Ioana Hauge, Gruppeleiar Natt-tenesta i Kvam, +47 481 45 217

Arbeidsstad

Nedre Norheim 44
5600 NORHEIMSUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4870419161
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 24.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Natt-tenesta i Kvam, Kvam herad orgnr: 973953532
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Nedre Norheim 44 Postnr: 5600)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3e483f03-fad2-4540-81bd-4b0a3ffab83d
IMPORTAPI