Sjukepleiar natt, legevakt – Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune
Health and social care Lege(5 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-10-2024
Deadline: 10-11-2024
Sjukepleiar natt, legevakt
Ålesund interkommunale legevakt har ledig 2 x 65 % faste stillingar på natt, med tiltreding snarast eller etter avtale. Ved intern tilsetting kan anna stillingsprosent verte aktuelt.
Ålesund legevakt er eit interkommunalt samarbeid mellom Ålesund, Haram, Sula, Giske, Fjord, Vestnes og delar av Stranda, og har eit nedslagsfelt på ca. 100 000 innbyggjarar. Legevakta er døgnåpen, og held til i Ålesund lokalmedisinske senter på Åse. Legevakta består i tillegg av legevaktsentral. Legevaktsentralen handterer medisinske henvendelser frå legevaktdistriktet heile døgnet.
Til ledig stilling søkjer vi etter offentleg godkjend sjukepleiar. Stillinga har arbeid kvar 3. helg. Det er ønskjeleg med minimum 2 års erfaring som sjukepleiar.
Søkjar må ha godkjent politiattest.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i legevaktsentralen, der du blant annet kartlegger, vurderer, gir råd og iverksetter tiltak
- Pasientmottak og hastegradsvurdeing
- Laboratoriearbeid
- Bistå i undersøking og behandling
- Planlegge sjølvstendig og ta rasle avgjersler
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend sjukepleiar
- Gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Personleg skikka for stillinga
- Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- Godt klinisk blikk
- Godt humør og positiv framtoning
- God arbeidskapasitet og trivsel med høgt arbeidstempo
- Lojal mot arbeidsplass og kollegaer
- Evne til å tåle ein uforutsigbar og hektisk arbeidskvardag med høg aktivitet
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Judit Molvær, 951 56 812, judit.molvaer@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Åsesvingen 16
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 4873191091
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ. |
Webside | http://www.alesund.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Åsesvingen 16 Postnr: 6017) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 10-11-2024 |