Sjukepleiar natt – Kirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi/ Nasjonalt brannskadesenter/ Seksjon for plastikkirurgi/ Post 4 Plastikk- og karkirurgi, Helse Bergen
Health and social care Sykepleier(13 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 12-12-2024
Deadline: 25-12-2024
Sjukepleiar natt
Kirurgisk Post 4 skal styrke teamet med ny nattevaktsstilling – 50-80% stilling med arbeid 3- kvar helg. Som nattevakt vil du jobbe saman med erfarne sjukepleiarar som alle jobbar 3-delt turnus.
Kirurgisk post 4 er ein kirurgisk sengepost med pasientar frå to fagfelt, plastikkirurgi og karkirurgi. Sengeposten avlastar også Brannskadeavdelinga, så det er ein kompleks avdeling med stort spenn i diagnosar, pasientgrupper og sjukepleieprosedyrar. Arbeidsmiljøet er godt og vi legg til rette for fagleg utvikling for våre medarbeidarar. Sjukepleiarane tilhøyrer i utgangspunktet anten kar- eller plastikk-gruppa. Men, alle må kunne fungere på begge fagfelt, då behovet for personell på begge sider varierer. Vi har primærsjukepleie, samt ein teamleiar på kvar gruppe i vekedagar som har ansvar for legevisitt, samt å koordinere arbeidet innad i gruppa. På kvar vakt har vi også ein vaktleiar som har eit overordna ansvar for pasientflyt og bemanning, samt ansvar ved brann og beredskap. Vi har ein god blanding av elektive og ØH-pasientar. Nokre er kun innlagt i eit døgn, mens andre kan vere inneliggande i fleire veker.
Vanlege diagnosar og behandlingar vi utfører er;
Plastikk:
– Handskader av ulike slag (sirkelsag, klemskade etc) blir operert og behandla med daglege sårskift og antibiotika
– Malignt melanom; utredning og behandling. Sentinel node biopsy, axille- og bekkenglandeltoilette, utvida eksisjon av hudkreft
– Brystkirurgi; rekonstruksjon av bryst etter brystkreft med DIEP-lapp eller protese
– Diverse sårdefektar som krev kirurgisk dekning med til dømes muskellapp eller hudtransplantat
– Brannskadar; nye skadar som ikkje krev intensivbehandling. Også sekvelekirurgi
Kar:
– Trange blodårer i underekstremitetar; angiografi, kirurgisk fjerning av plakk i arteriar, bypassoperasjonar, amputasjonar
– Aneurismer; abdominalt aorta aneurisme, arteria poplitea aneurisme. Opereres opent eller endovaskulært
– Carotis stenosar
– Sår som skuldast dårleg blodsirkulasjon
– AV-fistlar hos dialysekrevande pasientar
Kirurgisk post 4 har eit ungt og inkluderande arbeidsmiljø med jamlege sosiale treff utanom arbeidstid. Dersom du er ute etter eit inkluderande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, så kan avdelinga vår vera noko for deg.
Det er ønskeleg med snarleg oppstart dersom mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Pre- og postoperativ sjukepleie
- Rutinearbeid på natt som t.d. tillaging av medikament til neste døgn
- Observasjonar gjennom natta
- Gje god omsorg for pasient og pårørande
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga
Kvalifikasjonar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant erfaring innanfor sjukehus/kirurgiske fag er ein fordel
- Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system (DIPS/MEONA) er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er punktleg og påliteleg
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du arbeider målretta og tåler å stå i krevande situasjonar
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling gjennom faste fagdager planlagt i turnus
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Siri Erstad, Seksjonsleiar, 91752555
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4895174424
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 25.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi/ Nasjonalt brannskadesenter/ Seksjon for plastikkirurgi/ Post 4 Plastikk- og karkirurgi, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 06-01-2025 |
Søknadsfrist | 25-12-2024 |