Sjukepleiar natt – 80-100% – Meland sjukeheim – Alver kommune
Health and social care Sykepleier(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 14-11-2024
Deadline: 05-12-2024
Sjukepleiar natt – 80-100% – Meland sjukeheim
Om Meland Sjukeheim
Meland sjukeheim ligg sentralt til på Frekhaug, og er lett tilgjengelig med buss og bil. Meland Sjukeheim har sett nokre sentrale verdiar som vi har som utgangspunkt for alle typar arbeidsoppgåver vi utfører: Respekt, tillit og livsglede. Visjonen vår er «Omsorg med kompetanse og livsglede». Meland sjukeheim har eige institusjonskjøkken.
Vi har tre avdelingar på sjukeheimen:
Lerketunet er ei avdeling for personer med demens sjukdom og det er 12 pasientar som bur fast her.
Nordgardstunet er ei somatisk langtidsavdeling med 22 pasientar.
Solkroken er ei korttidsavdeling med fokus på rehabilitering til pasientar som har behov for det. Avdelinga har 11 plassar.
Vi har eigne nattevakter som rullerer mellom alle avdelingane, og desse stillingane er organisert under Solkroken. På Meland sjukeheim har vi god fagkompetanse og vi har tilsette med vidareutdanning innan ulike felt. Vi samarbeider på tvers av ulike yrkesgrupper og det er faste sjukeheimslegar ved institusjonen.
Vi treng no ein dyktig sjukepleiar!
Stillinga er på natt, og stillingsstorleik kan avtalast før tilsetting. Arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver:
- Sørge for trygg og god sjukepleie til pasientar i ulike situasjonar, bidra til at pasientane får ei god natts søvn.
- Innføring i Pasientsikkerhetsprogrammet der vi nyttar NEWS
- Administrere medisinar.
- Førebygge sengeleiets komplikasjonar. Tilsyn og dokumentasjon. Vi bruker Profil til pasientdokumentasjon.
Kompetanse:
- Autorisert sjukepleiar (krav)
- Det er ynskjeleg med erfaring frå eldreomsorg
- Gode norsk kunnskap, skriftleg og munnleg
- Erfaring, samarbeidsevner og personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver og godt samarbeid med kollegaer
- Sjukepleiar på natt har også kr 18.000,- i tillegg pr år i 100 % stilling
- Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter Hovudtariffavtalen
- Faste nattevaktsmøter med avdelingsleiar
- Moglegheit for kurs og fagleg påfyll (eksempelvis demens, palliasjon)
- Årsturnus med moglegheit for å påvirke eigen ferie og fritid
- Høve til å avtale endra stillingstorleik
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
|
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | FREKHAUG (Adresse: Havnevegen 14 Postnr: 5918) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-12-2024 |