Sjukepleiar natt – 62,4 % fast – Avdeling heimetenester og TTF, Fyresdal kommune
Helse og sosial Sykepleier(1 måned siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 08-04-2025
Deadline: 25-05-2025
Sjukepleiar natt – 62,4 % fast
Heimetenesta yter helsehjelp til innbyggarar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte. Heimetenesta i Fyresdal er eit godt team som jobbar målretta for at pasientar skal få bu og virke i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Vi har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Målet i heimetenesta er å jobbe som eit lag. Respekt for kvarandres profesjonar er viktig. Humor i arbeidskvardagen er viktig i teamet, og det er viktig å kunne vere seg sjølv blant kollegaer. Vi tek vare på kvarandre!
Vi søker sjukepleiar til heimetenesta på natt. Vi ynskjer oss ein sjukepleiar som er serviceinnstilt, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, iniativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Den vi søker må vere god på stressmeistring, fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid med pasientar, både grunnleggande pleie og elles medisinsk oppfylging.
- Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med resten av teamet i heimetenesta.
- Samarbeid med andre fagmiljø og ressurspersonar internt til det beste for pasienten.
- Medikamenthandtering.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis søkarar med autorisasjon som sjukepleiar.
- Søkarar med autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar vil bli vurdert.
Personlege eigenskapar
- Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande.
- Har gode samarbeidsevner.
- Har god evne til å jobbe sjølvstendig.
- Er ansvarsfull og stabil.
- Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert.
- Har stor arbeidskapasitet.
- Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon.
- Likar utfordringar.
- Beherskar norsk både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
- 35,5 timars veke. Arbeid i turnus på natt og arbeid kvar 3. helg.
- Løn etter avtale.
- Vakker natur, rein luft og eit hav av mogelegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
- Barnehage og skule lokalisert i sentrum.
- Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar til går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, herunder 6 månadar prøvetid.
Den som blir tilsett må ha førarkort kl. B.
Kontaktinformasjon
Gunn Marit Aslestad, Avdelingsleiar HSPL/TTF, +47 97 71 71 05
Arbeidssted
Folkestadgata 12
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 4952206405
Stillingsprosent: 62,4%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling heimetenester og TTF, Fyresdal kommune orgnr: 979352549 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for. |
Webside | https://www.fyresdal.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | FYRESDAL (Adresse: Folkestadgata 12 Postnr: 3870) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 25-05-2025 |