Sjukepleiar – Myrvåg omsorgssenter, seksjon A

Health and social care Sykepleier

(20 timer siden)

  • GURSKØY
  •  Lagt til dato: 19. desember 2024
  •  Expire date: 13. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 13-01-2025

 

Sjukepleiar

Seksjon A ved Myrvåg omsorgssenter søker etter ein engasjert sjukepleiar til vikariat med moglegheit for fast tilsetting.

Vikariatet er i 70 prosent stilling med oppstart 03.02.2025.

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar:

  • seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
  • seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald

Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helgar. Vi jobbar med å sjå på ulike arbeidstidsordningar i seksjonen.

Arbeidsoppgåver

  • pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering)
  • utarbeide og følge opp tiltaksplanar
  • følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Som sjukepleiar har du tett samarbeid med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp.

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gode datakunnskapar
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med journalsystemet Gerica er ein fordel
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål)

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

Vi ønskar deg med personlege eigenskapar som varetek desse forventningane:

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utførte på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og utan å miste fatninga
  • møter brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • har vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
  • likar faglege utfordringar der arbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande 
  • har fokus på heilskapleg pasientforløp

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • fagdag i turnus
  • stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av  gjeldande tariffavtale, lover og reglement. 

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478

Arbeidsstad

Åsvegen 13
6080 Gurskøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 4843645011
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 03.02.2025
Sluttdato: 26.09.2025
Søknadsfrist: 13.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Myrvåg omsorgssenter, seksjon A orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske.

 «Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!

Webside www.heroy.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted GURSKØY (Adresse: Åsvegen 13 Postnr: 6080)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 03-02-2025
Søknadsfrist 13-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/38c171ce-5edc-4693-96be-4f1dd5e9ff9e
IMPORTAPI