Sjukepleiar – Molværsvegen 15/17/19 – Bukollektiva, Sula kommune

Health and social care Sykepleier

(2 uker siden)

  • LANGEVÅG
  •  Lagt til dato: 20. oktober 2024
  •  Expire date: 3. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 20-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Sjukepleiar – Molværsvegen 15/17/19

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og engasjert i fagutvikling!


Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19, har vi ledig 80% fast stilling for sjukepleiar. Om ønskeleg kan stillinga justerast til ca 86% då med arbeid annenkvar helg. Tiltredelse 1. februar 2025, evt. anna dato etter avtale.
Søknadsfrist 3. november 2024.


I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg primært for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!

 

Arbeidsoppgåver

  • Målretta og planbasert arbeid for å gi bebuarar eit tilpassa tilbod i rolege og trygge omgjevnader samt fokus på ivaretakelse av eigne ressursar 
  • Praktisk hjelp 
  • Primærsjukepleie  
  • Miljøretta oppgåver/aktivisering med t.d. musikk, tur el.l. 
  • Medisinhandtering 
  • Palliasjon 
  • Nært samarbeid med pårørande og lege 
  • Planarbeid 
  • Generelle sjukepleieoppgåver 
  • Fagleg førande i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel 
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad 
  • Gode datakunnskaper 
  • Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesse for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande.  Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar. 
Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit positivt og raust miljø med gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø 
  • God opplæring og nær-leiing 
  • Fokus på god eldreomsorg og fagleg utvikling 
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver 
  • Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, catharina.klokk.eide@sula.kommune.no
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar Bukollektiva, 91596764, cecilie.orjasaeter@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Molværsvegen 19
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 4873134556
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bukollektiva, Sula kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bukollektiv for personer med demens-sjukdom. Målet er å gje bebuarane eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnader og hjelp til å nytte eigne ressursar lengst mogleg. Det er nært samarbeid med pårørande.

Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg. Personalet består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Nokre ansatte har vidareutdanning innan sjukdomen demens.

Instagram

Facebook

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted LANGEVÅG (Adresse: Molværsvegen 19 Postnr: 6030)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-02-2025
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a2cb6e84-17b2-46ab-a70c-cf7953a7a834
IMPORTAPI