Sjukepleiar – Medisinsk sengepost B Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Health and social care Sykepleier

(17 timer siden)

  • MOLDE
  •  Lagt til dato: 20. oktober 2024
  •  Expire date: 4. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 20-10-2024
Deadline: 04-11-2024

 

Sjukepleiar

Ved Medisinsk sengepost B har vi ledig vikariat i 100% stilling for sjukepleiar frå dags dato til 01.09.2025!
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledig, og aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.

Medisinsk sengepost B inneheld faggruppene hjerte, infeksjon og geriatri. Sengeposten har 20 senger, og vi tek imot både øyeblikkeleg hjelp og elektive pasientar. Det er ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, og til tider høgt tempo. Arbeidsoppgåvene er varierte med fokus på god og heilheitleg pasientbehandling, med pasiensikkerheit i fokus. Vi har god opplæring av nytilsette, samt her får du lov til å vere ny lenge. Du får opplæring og rettleiing av erfarne kollegaer underveis.

Vi jobber med oppgåveglidning, der helsefagarbeidarar får opplæring i enkelte prosedyrer som kan avlaste sjukepleiaren. Arbeidsdagen vår er prega av samarbeid, arbeidsglede og godt humør.

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og vi er klar for innflytting våren 2025 i flotte lokaler. 

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til pasientar på sengepost
  • Stell, pleie og observasjon
  • Legemiddelhandtering
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Gjere seg kjent med, og holde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
  • Rettleiing av studentar
  • Samhandling med kommunehelsetenesta 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant erfaring vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, løysningsorientert og har gode samarbeidsevner
  • Du arbeider både sjølvstendig og i team
  • Du er motivert til å utføre varierte arbeidsoppgåver
  • Du bidrar til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Du er fagleg engasjert
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø 

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Mette Malme, Seksjonsleder, mette.malme@helse-mr.no

Arbeidsstad

Molde sjukehus
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4866881066
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk sengepost B Molde, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted MOLDE (Adresse: Molde sjukehus Postnr: 6412)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b0b910a6-08aa-4496-bbe1-ebeb037e4232
IMPORTAPI