Sjukepleiar med sans for fart, folk og litt gøy? – Gastroenterologisk og nyremedisinsk post Haugesund sjukehus
Helse og sosial Sykepleier(3 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 06-04-2025
Deadline: 05-05-2025
Sjukepleiar med sans for fart, folk og litt gøy?
Da er du velkommen til Gastro-nyre!
På gastro- og nyreposten er vi i gang med å styrke laget. Her er det ein travel og krevjande kvardag – og nettopp derfor treng vi deg som ønsker å bidra både fagleg og menneskeleg.
Vi har ikkje tenkt å pynte på verkelegheita: Dette er ei stilling der du får brukt heile deg – og litt til. Her er det høgt tempo, oppgåver som gir deg både meistringsfølelse og god puls, og kollegaer du kan lene deg på.
Så klarer du å halde hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong – og har lyst til å vere med og gjere arbeidskvardagen litt kjekkare for oss alle? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
👉 Klikk på søkeknappen – Vi har plass til deg på laget vårt.
Kva går jobben ut på?
Du vil jobbe med pasientar innan gastromedisin og nyremedisin – ofte med komplekse og alvorlege sjukdommar. Det betyr at sjukepleiefaget får stort rom, og at du får brukt både hovudet og hjartet. Vi jobbar i tverrfaglege team og støttar kvarandre– og vi blir stadig betre på å stå saman.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har lett for å vere blid og positiv.
- er god til å sjå mennesket bak sjukdommen
- likar å vere ein støttespelar for kollegaene dine.
- taklar utfordringar på ein god måte, og er flink til å finne løysingar saman med andre.
Kvifor velje oss?
- Høve til å påverke og vere med i ei utvikling vi er stolte av å vere i gang med
- Moglegheit for fagleg utvikling gjennom kurs og fagdager
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Silje Berning, Funksjonsleiar, +47 99288054
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4928973080
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gastroenterologisk og nyremedisinsk post Haugesund sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no. |
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-05-2025 |