Sjukepleiar i heimetenesta – Volda kommune, Heimeteneste

Health and social care Sykepleier

(5 dager siden)

  • FOLKESTAD
  •  Lagt til dato: 19. november 2024
  •  Expire date: 5. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 19-11-2024
Deadline: 05-12-2024

 

Sjukepleiar i heimetenesta

Barstadtun omsorgsbustadar har eit ledig fast stilling for ein autorisert sjukepleiar frå 01.01.25. Arbeidsplass for tida er Barstadtun, men det kan bli endring i seksjonen som gjer at stillinga kan bli flytta på innad i seksjonen heimetenestene. Barstadtun er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 25 hyblar/leilegheiter fordelt på tre buenheiter. Denne seksjonen er ein del av Avdeling Heimetenester. Personalet ved Barstadtun er stasjonert på huset for å sikre tryggleik og kontinuitet for bebuarane. Stillinga har todelt turnus med dagvakter i vekedagane og tre kveldsvakter knytt til arbeidshelg. For tida er det tre kveldsvakter i turnusen over ein periode på seks veker. På nokre av dagvaktene går ein på topp av den ordinære bemanninga og har sjukepleiaransvar for heile huset, i samarbeid med sjukepleiarar frå Fjordsyn omsorgsbustadar. 

Arbeidsoppgåver

Delta i planlegging og gjennomføring av heilheitleg pleie og oppfølging av bebuarane
Primærsjukepleieansvar for ei gruppe bebuarar 
Sjå til at bebuarane har ajourført tiltaksplan i pasientjournal
Medverke til at bebuarane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i samarbeid med fastlege og andre samarbeidspartar
Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar
Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø
Bidra til å kvalitetssikre tenestene
Samarbeid om sjukepleiaroppgåver på tvers av seksjonar

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. (Tilsvarande norsktest nivå B2 for søkjarar som ikkje har skandinavisk morsmål)
Må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose før oppstart i stillinga

Personlege eigenskapar

Relevant erfaring og personleg eignaheit vil verte vektlagt i tilsetjinga
Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
Du fungerer godt i teamarbeid og har evna til å delegere arbeidsoppgåver
Du må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg og arbeidsmiljø.
Du har fagleg fokus, er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
Du er fleksibel og liker utfordringar

Vi tilbyr

Sjukepleiarforum/samarbeid med sjukepleiargruppa på Fjordsyn
Tilgong på elæringskurs frå Visma/ Veilederen og GLUP.
Gode moglegheiter for kompetanseheving
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Spanande arbeidsoppgåver og utfordringar
Tverrfagleg samarbeid
Eit triveleg arbeidsmiljø saman med ein fin og inkluderande gjeng!
Stillingskode 7174 Sjukepleiar
Løn etter tariff

Kontaktinformasjon

Anita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, anita.kristiansen@volda.kommune.no
Kirsti Liabø, seksjonsleiar, +47 94 14 25 15, kirsti.liabo@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Dalsfjordvegen 4235
6120 Folkestad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4887745878
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.01.2025
Søknadsfrist: 05.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Volda kommune, Heimeteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside http://www.volda.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FOLKESTAD (Adresse: Dalsfjordvegen 4235 Postnr: 6120)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 02-01-2025
Søknadsfrist 05-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e0f118be-7c91-4902-8dd0-d4362a10a135
IMPORTAPI