Sjukepleiar – Herøy omsorgssenter, seksjon blå

Health and social care Sykepleier

(16 timer siden)

  • FOSNAVÅG
  •  Lagt til dato: 29. september 2024
  •  Expire date: 14. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 29-09-2024
Deadline: 14-10-2024

 

Sjukepleiar

Ynskjer du å bidra til å fremje tryggleik for personar i omsorgssenter? Vi har ledig ei fast 80 prosents stilling som sjukepleiar i pleie- og omsorgsavdelinga. Arbeidsstaden er for tida ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå, som er ein skjerma seksjon. Her arbeider vi med å gi tryggleik og fylgje opp pasientar med fokus på individtilpassa miljøarbeid. Vi legg vekt på at dei som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.

Vi er for tida i ein prosess med å planlegge langvakter i turnus kvar fjerde helg. Og vi skal etter kvart planlegge årsturnus.

Stillinga er ledig frå snarast. Ved intern tilsetjing kan ein annan stillingsdel verte ledig.

Arbeidstida er for tida organisert i tredelt turnus, men dette kan endrast etter ynske og behov.

Seksjon blå er ein del av Herøy omsorgssenter på Eggesbønes.

Arbeidsoppgåver

  • miljøretta arbeid
  • individtilpassa pleie – og omsorgsoppgåver
  • fylgje opp medisinske tiltak ordinert av lege
  • fagleg ansvar for legemiddelhandtering
  • utarbeide og fylgje opp tiltaksplanar
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
  • rettleie og samarbeide med pårørande
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • erfaring frå arbeid i sjukeheim kan vere ein fordel
  • vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri kan være ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • er god til å bygge tillit mellom pasient og helsepersonell
  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei vert utført på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg med pasientar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og utan å miste fatninga
  • møte pasientar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning sjølv i krevjande situasjonar
  • vilje til å lære nye ting og utvikle seg i arbeidet sitt
  • bidra til å skape trivsel på arbeidsplassen og samarbeide godt for å løyse oppgåver
  • likar faglege utfordringar der samarbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande
  • ha fokus på heilskapleg pasientforløp. 
  • vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • fagdag i turnus
  • stipendordningar ved vidareutdanning som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
  • IA-bedrift
  • Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
  • Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Sissel Reite, Seksjonsleiar, +47 99210028

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5C
6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 4860027656
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Herøy omsorgssenter, seksjon blå orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske.

 «Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!

Webside www.heroy.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FOSNAVÅG (Adresse: Sjukeheimsvegen 5C Postnr: 6092)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1229a982-9e2e-4444-9cf5-baa304b4efd2
IMPORTAPI