Sjukepleiar – Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon raud
Health and social care Sykepleier(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 11-11-2024
Deadline: 26-11-2024
Sjukepleiar
Ynskjer du å bidra til tryggleik for pasientar i omsorgssenter? Vi har ledig to vikariat i 85 og 80 prosents stilling som sjukepleiar ved Herøy omsorgssenter, seksjon raud. Her arbeider vi med å gi tryggleik og fylgje opp pasientar i ei somatisk langtidsavdeling med 20 plassar. Vi legg vekt på at dei som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Vi er for tida i ein prosess med å planlegge langvakter i turnus kvar fjerde helg. Og vi skal etter kvart planlegge årsturnus.
85 prosents-stillinga er ledig frå 3. desember 2024 til 30. september 2025. 80 prosents-stillinga er ledig frå 6. januar 2025 til 5. januar 2026. Oppgje i søknaden kva stilling du søker på eller om du søker på begge.
Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, men dette kan endrast etter ynske og behov.
Seksjon raud er ein del av Herøy omsorgssenter på Eggesbønes.
Arbeidsoppgåver
- individtilpassa pleie – og omsorgsoppgåver
- fylgje opp medisinske tiltak ordinerte av lege
- fagleg ansvar for legemiddelhandtering
- utarbeide og fylgje opp tiltaksplanar
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
- rettleie og samarbeide med pårørande
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- har norsk autorisasjon som sjukepleiar
- erfaring frå arbeid i sjukeheim kan vere ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei vert utført på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg med pasientar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og utan å miste fatninga
- møte pasientar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning sjølv i krevjande situasjonar
- vilje til å lære nye ting og utvikle seg i arbeidet sitt
- bidra til å skape trivsel på arbeidsplassen og samarbeide godt for å løyse oppgåver
- likar faglege utfordringar der samarbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande
- ha fokus på heilskapleg pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- fagdag i turnus
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
- IA-bedrift
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Cecilie Tarberg, Seksjonsleiar, +47 97020582
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5A
6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 4882627165
Stillingsprosent: 85%
Vikar
Startdato: 03.12.2024
Sluttdato: 30.09.2025
Søknadsfrist: 26.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon raud orgnr: 974006057 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. «Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår! |
Webside | www.heroy.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | FOSNAVÅG (Adresse: Sjukeheimsvegen 5A Postnr: 6092) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 03-12-2024 |
Søknadsfrist | 26-11-2024 |