Sjukepleiar, fast stilling i heimebasert omsorg – Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Health and social care Sykepleier(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 31-10-2024
Deadline: 18-11-2024
Sjukepleiar, fast stilling i heimebasert omsorg
Det er ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i heimebasert omsorg frå 01.02.2025. Om lag 80 % stilling er knytt til Valderøy omsorgsdistrikt og om lag 20 % til Vigra omsorgssenter.
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
- Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som sjukepleiar.
- God digital kompetanse.
- Sertifikat for bil.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Spanande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314
Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318
Helen Gjerde, nestleiar Vigra omsorgssenter, 90249808
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535
Arbeidsstad
Valderøya
6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 4880062285
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune orgnr: 974619156 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge. |
Webside | www.giske.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | VALDERØYA (Adresse: Valderøya Postnr: 6050) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 18-11-2024 |