Stillingsbeskrivelse

Published 07-01-2025
Deadline: 09-02-2025

 

Sjukepleiar eller vernepleiar Prestahagen

Er du ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar som ynskjer å gjere ein forskjell?

Me søkjer deg som vil vere med å gjere ein forskjell for våre bebuarar. Bli del av vårt ungdommelege og trivelege team i ei døgnbemanna omsorgsbustad i Sogndal.

Sogndal er kjent for storslått natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på mange moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her er det noko for alle – frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremmer fellesskap og trivsel.

 

Om stillinga: 

Prestahagen omsorgsbustad i Sogndal har ledig følgjande stilling

  • 2 x 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar

Me startar med årsturnus 3.mars 2025 med individuelle tilpassingar og moglegheit for langvakter 4. kvar helg og etter eige ynskje i vekedag

Prestahagen er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 32 einingar fordelt på 4 avdelingar for personar med kognitiv svikt og alderspsykiatri. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta sjukepleiefaglige oppgåver
  • Heilskapleg pleie og omsorg
  • Rettleia for studentar/lærlingar og andre
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
  • Medansvarlig for eit godt læringsmiljø
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet

 

Sentrale ansvarsområde:

  • Pasientflyt
  • Pasientjournalsystem
  • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
  • Medikamenthandtering
  • Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med pårørande

 

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie/vernepleie med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demensomsorg, rus og psykiatri. Om du ynskjer å ta vidareutdanning innafor demens eller alderspsykiatri vil me leggja til rette for det.

 

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert og positiv
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Sogndal helse- og omsorgssenter orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SOGNDAL (Adresse: Postnr: 6856)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/51b69ff4-4eff-41c6-b9e2-895b823756a6
IMPORTAPI