Sjukepleiar – Dagbehandling Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Health and social care Sykepleier

(17 timer siden)

  • MOLDE
  •  Lagt til dato: 16. oktober 2024
  •  Expire date: 30. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 16-10-2024
Deadline: 30-10-2024

 

Sjukepleiar

Dagkirurgi Molde har ledig ei fast 80 % stilling!

Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggarane i Møre og Romsdal? Vi søker etter sjukepleiar med stor interesse for det dagkirurgiske faget. Arbeidet vil bestå i sjukepleie i samband med dagkirurgiske inngrep innan felta kirurgi, urologi, ortopedi, gynekologi, ØNH, auge og tann/kjeve. I tillegg har vi andre pasientgrupper som treng kortare narkoser og undersøkingar.

Vi er i ei overgangsfase inn mot nytt sjukehus på SNR Hjelset, og du vil vere ein viktig ressurs inn i dette arbeidet. Vi er stolte av å kunne tilby ein fagleg, kjekk og effektiv arbeidsplass! 

Arbeidstid i ulike variantar mellom kl 07.15 – 20.00 mandag – fredag.

Er dette noko for deg er Du velkomen til å søkje på stillinga!

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak, førebuing og overvåking av pasientar i samband med dagkirurgiske operasjonar og undersøkingar
  • Utføre sjukepleie som inkluderer heilskapleg dokumentasjon og administrasjon av medikamenter etter forordning og delegerte oppgåver
  • Ivareta forsvarleg medikamenthandtering og legemiddelsamstemming
  • Rettleie og orientere pasient og pårørande
  • Studentrettleiing
  • Opprette og oppdatere elektronisk pasientjournal
  • Vere kjent med, og halde seg oppdatert på seksjonen sitt medisinsk tekniske utstyr
  • Samarbeide tverrfagleg på ein profesjonell måte
  • Bidra til utvikling av SNR med fokus på fag og det utadvendte sjukehus
  • Ta medansvar for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har vilje til å ta initiativ og ansvar
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig, men også i team
  • Du er ein god bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
  • Erfaring med overvåking av pasientar etter narkose er ein fordel
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Ida Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303, ida.gule@helse-mr.no

Arbeidssted

Parkvegen 84
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4868938875
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 31.03.2025
Søknadsfrist: 30.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Dagbehandling Molde, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974745569
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted MOLDE (Adresse: Parkvegen 84 Postnr: 6412)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 31-03-2025
Søknadsfrist 30-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e15a4f9e-7419-42c6-91e7-0ca3f753b002
IMPORTAPI