Sjukepleiar – 80 % fast – Tysnes omsorgssenter – Tysnes Kommune

Health and social care Sykepleier

(18 timer siden)

  • UGGDAL
  •  Lagt til dato: 18. desember 2024
  •  Expire date: 5. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 18-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Sjukepleiar – 80 % fast – Tysnes omsorgssenter

Om stillinga

Me har ledig ei 80 % stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3.helg.

Om avdelinga

Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg som stod ferdig i 2017. Me er oppteken av pasientnært arbeid, og Hospital IT er eit av hjelpemidlane som gjev oss meir kvalitetstid med bebuarane.

Tysnes omsorgssenter består av 30 institusjonsplassar, plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald og dagsenter for personar med demens. Me har óg ein KAD-plass der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus.

Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester og eit heilskapleg pasientforløp.

Stabil tilsettgruppe og godt samhald
Me har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald. Her kan du lese meir omkva me verdsetter i arbeidsmiljøet her hos oss.

Her kan du sjå deg rundt i våre lokaler(fungerar best på pc eller på mobil med wi-fi)

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane.
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar.
  • Miljøarbeid og utvikla ADL-ferdigheiter.
  • Lage og følgje opp pleieplanar og prosedyrar.
  • Deltaking i gruppemøter, dagleg rapportering og ulike fagmøter.
  • Rettleiing av personalet og tverrfagleg samarbeid.
  • Pårørandesamarbeid.
  • Dokumentasjon i CosDoc.  

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er eit ønskje.
  • Tverrfagleg forståing – saman yt me best teneste.
  • Gode grunnleggjande datakunnskap.
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.

Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:

  • Politiattest (ikkje eldre enn 3 månader), politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
  • Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.

Personlege eigenskapar

  • Du ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar.
  • Du brenn for faget, tek ansvar og arbeidar målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
  • Du er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
  • Du har pågangsmot, har løysingsfokus og gode samarbeidsevner.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Kvifor skal du jobba hos oss?

Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus, du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Du vil og oppleva ein utfordrande, hektisk og lærerik arbeidskvardag i eit godt og trygt arbeidsmiljø.

Hos oss får du rammer som sikrar deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid kvar 3.helg. Medlemskap i KLP føl med tilsetjing. Det betyr at du får blant ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar. Les meir på KLP sine nettsider.

Du blir tilsett i sjukepleiar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar. 

Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tysnes Kommune orgnr: 973942409
Kort om arbeidsgiver

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.

Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Webside https://www.tysnes.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted UGGDAL (Adresse: Tysnes omsoorgssenter Postnr: 5685)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a471c110-cd8d-4882-b0a6-6d0d4c8b960b
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/272653