Sjukepleiar 100 % vikariat – Heimesjukepleia, Fyresdal kommune

Health and social care Sykepleier

(1 uke siden)

  • FYRESDAL
  •  Lagt til dato: 8. september 2024
  •  Expire date: 1. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 08-09-2024
Deadline: 01-10-2024

 

Sjukepleiar 100 % vikariat

Heimetenesta  yter helsehjelp til innbyggarar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte. Heimetenesta i Fyresdal er eit godt team som jobbar målretta for at pasientar skal få bu og virke i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Vi har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Målet i heimetenesta er å jobbe som eit lag. Respekt for kvarandres profesjonar samstundes som vi er opptekne av å gjere kvarandre gode for og få lagkjensla. Humor i arbeidskvardagen er viktig i teamet og det er viktig og kunne vere seg sjølv blant kollegaer. Vi tek vare på kvarandre!

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid med pasientar, både grunnleggande pleie og elles medisinsk oppfylgjing.
  • Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med resten av teamet i heimetenesta.
  • Samarbeid med andre fagmiljø og ressurspersonar internt til det beste for pasienten.
  • Medikamenthandtering.

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar.

Personlege eigenskapar

Vi søker ein person som:

  • Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Har god evne til å jobbe sjølvstendig.
  • Er ansvarsfull og stabil.
  • Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert.
  • Har stor arbeidskapasietet.
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon.
  • Likar utfordringar.
  • Beherskar norsk både skriftleg og munnleg.

Den som blir tilsett må ha førarkort kl. B.

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegari
  • Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordningi
  • 35,5 timars veke. Arbeid i turnus med dag/aften vakter og arbeid kvar 3. helg.
  • Løn etter avtale.
  • Hjelp til å skaffe bustad.
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av mogelegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen.
  • Barnehage og skule lokalisert i sentrum.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår som til ei kvar til går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, m.a. 6 månadar prøvetid.

Kontaktinformasjon

Gunn Marit Aslestad, Avdelingsleiar HSPL/TTF, +47 97717105

Arbeidsstad

Folkestadgata 12
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fyresdal kommune

Referansenr.: 4856467970
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2024
Sluttdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 01.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Heimesjukepleia, Fyresdal kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.
Webside https://www.fyresdal.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FYRESDAL (Adresse: Folkestadgata 12 Postnr: 3870)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-12-2024
Søknadsfrist 01-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8239089f-2a08-47bb-bae2-0522257ce0cd
IMPORTAPI