Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia, 2. gongs utlysning – Vang Kommune, Korttid og heimeteneste
Health and social care Sykepleier(4 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 27-10-2024
Deadline: 30-11-2024
Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia, 2. gongs utlysning
Korttid og heimesjukepleia har frå 1.januar 2025 ledig fast stilling for sjukepleiar. Vi tilbyr gode lønsvilkår (10 års tilleggsansiennitet) og flyttegodtgjering!
Vi tilbyr bla:
- Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar, og 10 års tilleggsansiennitet.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- For fast stilling tilbyr kommunen flyttegodtgjering ved flytting til Vang kommune (kompensasjon av faktiske flytteutgifter inntil gitt sum)
Arbeidsoppgåver:
- Utøve sjukepleie i tråd med gjeldande krav og lovverk
- Planlegge arbeidet i området og fordele arbeidsoppgåver i tråd med den einskilde medarbeidar si kompetanse
- Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
- Planlegge, igangsette og tilpasse tenestar ut i frå den einskilde brukers behov
- Bidra til positivt samarbeid med pårørande
- Dokumentere i fagsystemet Profil, journalansvar for pasientar i gitt område
- Utføre naudsynt sakshandsaming og kartlegging av søknader til tenestar innan fagområde og legge dette fram for vedtaksmyndighet
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde, og delta i fagleg utviklingsarbeid
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
- Solid fagkunnskap i sjukepleie
- Relevant vidareutdanning er eit føremonn, men ikkje eit krav
- Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar:
- Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha interesse for eldreomsorg og ønske om å bidra i fagutvikling
- Ha gode evner til samarbeid
- Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
Anna informasjon:
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding
Kontaktinformasjon
Stine Solemsli, Leiar Vangsheimen og heimeteneste, 90896012, stine.solemsli@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5150
2975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang Kommune
Referansenr.: 4876951667
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vang Kommune, Korttid og heimeteneste orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vang kommune som arbeidsgjevar:
Å bu i Vang kommune:
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. |
Webside | http://www.vang.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/heimetenester-og-sjukeheim/tenester-i-heimen/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | VANG I VALDRES (Adresse: Tyinvegen 5150 Postnr: 2975) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-11-2024 |