Sjukepleiar – 100% fast stilling – Dialyse og Bemanningssenteret Helse Førde
Health and social care Sykepleier(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 01-12-2024
Deadline: 17-12-2024
Sjukepleiar – 100% fast stilling
Kom og bli ein av oss om du vil ha ein kjekk og lærerik arbeidsplass!
Dialysen og Bemanningssenteret ønskjer å komme i kontakt med deg som likar ein aktiv, variert og medisinsk tekninsk kvardag.
Vi kan tilby deg 100% fast stilling kombinert i 50% på dialysen og 50% i Bemanningssenteret.
Dialyseavdelinga er ein del av Medisinsk avdeling og behandlar pasientar med akutt- og kronisk nyresvikt med behov for nyreerstattande behandling. Hos oss er kvalitet viktig, og vi er opptatt av å gje ein god og pasientnær behandling.
Avdelinga har 10 behandlingsplassar for hemodialyse. Pasientar for peritonealdialyse er tilknytta PD poliklinikk. Dialysen utfører planlagt behandling, akuttbehandling og opplæring/ behandling av peritonealdialyse. Vi tilbyr eit kompetansetillegg til sjukepleiarar på Dialysen.
Bemanningssenteret formidlar pleiepersonell til poliklinikkar og sengepostar innan både psykiatri og somatikk ved kortare og lengre fråvær. Du vil få opplæring og arbeide på 1-3 avdelingar, og får ein unik moglegheit til å utvikle ein brei og allsidig fagkomeptanse. Vi tilbyr eit rekrutteringstillegg til sjukepleiarar i Bemanningssenteret.
Arbeidsoppgåver
- Utføre hemodialyse behandling
- Utføre akutt dialyse
- Oppfølging og observasjon av pasientar under behandling
- Pasientretta sjukepleiaroppgåver innan fleire fagfelt ved ulike avdelingar (poliklinikk og sengepost)
- Medikamenthandtering og pasientadministrativt arbeid
- Arbeidstid på dialysen er dagtid mellom kl. 08.00 – 15.30 måndag – laurdag og dagtid heilagdager. Arbeid kvar tredje laurdag.
- 3 delt turnus i Bemanningssenteret
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskjeleg med erfaring frå dialysebehandling
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Rekrutteringtillegg på kr 23.000,- i 100% stilling i Bemanningssenteret. Tillegget vert redusert ved lågare stillingsandel
- Kompetansetillegg på kr 5.000,- i 100% stilling etter ferdig opplæringstid på Dialysen. Etter 2 års ansettelse aukar tillegget til totalt kr 16.000,- i 100% stilling.
- Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- Lang og trygg opplæring.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter ansiennitet som sjukepleiar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tone Randi Bjerke Hov, Seksjonsleiar Dialyse, +47 57839064
Mette-Lise Sørland, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, +47 97052040
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4890947870
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Dialyse og Bemanningssenteret Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 17-12-2024 |