Sjukepleiar – 100% fast – Lerketunet – Alver kommune

Health and social care Sykepleier

(16 timer siden)

  • FREKHAUG
  •  Lagt til dato: 1. oktober 2024
  •  Expire date: 22. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 01-10-2024
Deadline: 22-10-2024

 

Sjukepleiar – 100% fast – Lerketunet

Om stillinga

Vi har ledig 100 % fast som sjukepleiar/vernepleier i turnus med mulighet for arbeid i langvakter kvar 6. helg, eller vanlige vakter kavr 3. helg på Lerketunet. Srillinga er ledig frå 22.12-2024

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar/verneplear vil du i samarbeid med kollegaene dine vere med og organisere arbeidsdagen til beste for pasientane på avdelinga. Du arbeider godt i team, men også sjølvstendig. Du vil utføre sjukepleiefaglege prosedyrar, er med i eit tverrfaglig samarbeid og som primærkontakt får du eit tett samarbeid med pasient og pårørande.

Om Meland sjukeheim og Lerketunet

Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse.

Lerketunet er eit bukollektiv for 12 personar som lever med demens. Vi er opptatt av å ha eit godt fagleg tilbod til dei som bur på Lerketunet. Vi legg vekt på god fagleg kompetanse, samarbeidsevner, interesse for miljøarbeid og demensomsorg. Som helsefagarbeidar er du med og gir bebuarane omsorg med livsglede og kompetanse. Ein viktig del av arbeidet er å skapa eit triveleg miljø for pasientane, dei pårørande og medarbeidarar

Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 – test

Kven er du?

Vi søkjer etter ein fagleg dyktig sjukepleiar/vernepleier med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter Hovudtariffavtalen

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FREKHAUG (Adresse: Havnevegen 14 Postnr: 5919)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/975a0dbc-e73c-4806-ab1f-1bbd43fc0bf2
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268599