Stillingsbeskrivelse

Published 04-12-2024
Deadline: 07-01-2025

 

Sjukepleiar – 100 % fast hos Fusa bu- og behandlingssenter

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette medarbeidaren for oss! 
Som sjukepleier hos skal du være med å bidra til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga/avdelinga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn.

Fusa bu og behandlingssenter har ledig 100% stilling sjukepleiar i team med hovudbase på vår Miljøavdeling.
Ein får moglegheit til å jobbe tverrfagleg med andre arbeidsgrupper som fysio, lege og helsefagarbeidere. Stilinga er ledig frå medio januar 2025. Stilling i turnus etter gjeldande turnusavtale.
Det er mogleg få gå i redusert stilling om ønskeleg.

FBBS er ein heildøgnsinstitusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune. FBBS består av ei langtidsavdeling for personar med demens (avd Miljø), ei langtidsavdeling for somatikk (avd Bu) og ei korttids/rehabiliteringsavdeling, som også har tilknytt 1 ØHD- plass. Vi har i tillegg eige produksjonskjøkken og vaskeri.

Den nydeleg utsikta over fjorden, ein flott sansehage og dyktige kollegaer setter rammer for eit godt arbeidsmiljø og gjer dette til ei spennande og utfordrande arbeidsplass

Arbeidsstad
Fusa Bu- og behandlingssenter (FBBS) avd. Miljø

Arbeidsoppgåver

  • Behandlande sjukepleietiltak overfor akutt eller kronisk sjukdomà kliniske vurderingar, pleie, hygieniske, avlastande eller mobiliserande tiltak, samt assistanse ved medisinsk behandling eller undersøking
  • Undervisning retta mot anna helsepersonell i høve til medisinske prosedyrar, legemiddelhandsaming osb. Drive forbetringsarbeid og vidareutvikle tenestene
  • Bidra til å  sikre forsvarleg sjukepleiekompetanse i heile eininga. Det vil seie bidra til å planlegg, koordinere og utfør sjukepleietiltak i andre avdelingar ,samt kritisk vurdere effekten av sjukepleie og behandling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du må ha eit fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode evner til observasjon og dokumentasjon
  • God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
  • Bidra til godt arbeidsmiljø

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode kollegaer
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester orgnr: 974615835
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted EIKELANDSOSEN (Adresse: Leitet 28 Postnr: 5640)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cd6bd54e-93ad-4595-8b68-f28726e407c1
IMPORTAPI