Sjukepleiar 1 – Akutt Døgn, Helse Førde

Health and social care Sykepleier

(2 dager siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 1. desember 2024
  •  Expire date: 22. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 01-12-2024
Deadline: 22-12-2024

 

Sjukepleiar 1

Vi har ledig 100% vikariat som sjukepleiar 1 på Akutt døgn i Førde

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sjukehusoppgåver med akutt døgn som har ØH plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Vi har erfaringskonsulent, musikkterapeut, aktivitets – og treningseining.

Akutt døgn har 15 sengeplassar og er ein lukka, akuttpsykiatrisk sengepost. Vi flytta inn i nybygg i 2021. Helse Førde er vårt opptaksområde med ca 110 000 innbyggere. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungent psykisk helsevern. 

Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg!

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar 1 har seksjonsleiar som sin næraste leiar og har dagleg samarbeid med gruppeleiarar som gjeld drift av seksjonen
  • Assistere seksjonsleiar i faglege og administrative oppgåver og er stedfortredar for seksjonsleiar i denne sitt fråvær
  • Delta i arbeidet med å sikre god kvalitet på tenestene 
  • Daglege oppgåver i Gat (ressursstyring) og sørge for forsvarleg bemanning i eigen seksjon
  • Arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Dette er ei dagstilling utan arbeid i turnus

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Vidareutdanning i psykisk helsearbeid.
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg. Ikkje nordiske statsborgere må minimum ha bestått norsktekst på B2 nivå.  Dokumentasjon må leggast ved søknad
  • Gode IKT-kunnskaper er ønskeleg.

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
  • Personeleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
  • Opplæring og kontinuerleg rettleiing 
  • Fagutvikling i form av praktisk og teoretisk undervisning og organisert etisk refleksjon
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Roger Lundekvam, Seksjonsleiar, 578 39 488

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4888418743
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.02.2025
Sluttdato: 31.01.2026
Søknadsfrist: 22.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Akutt Døgn, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-02-2025
Søknadsfrist 22-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e0584e2a-9b28-4eae-8638-a6e4d1e8f217
IMPORTAPI