Stillingsbeskrivelse
Published 09-01-2025
Deadline: 23-01-2025
Sjukeheimslege -100%
Om stillinga
Vi søkjer etter sjukeheimslege i 100% stilling. Stillinga er primært knytt til Knarvik sjukeheim , men ein må pårekne at det kan være oppmøte på ulike lokasjoner. Alver Kommune har tilsett fleire sjukeheimslegar i 100% faste stillingar som ein del av legeplanen for kommunen. Dette ser vi fordelar med i forhold til samarbeid mellom legane, samt kollegial fråværsdekning.
Arbeid som sjukeheimslege i Alver Kommune.
I Alver Kommune er det 4 sjukeheimar, som ligg lokalisert i Knarvik, Frekhaug, Manger og Lindås.
Som sjukeheimslege er du ein viktig del av helsetenesta som pasientane ved sjukeheimstenesta får. Du samarbeider med sjukepleiarar, avdelingsleiarar og andre legar på sjukeheimen ved å gje det tilbodet som pasientane ved sjukeheimen har behov for.
Nordhordland soknar til Haraldsplass diakonale sjukehus.
Som sjukeheimslege vil du komme borti komplekse og fagleg spennende arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåvene inkluderer medisinsk utgreiing, behandling og oppfølgning av pasienter i sjukeheimen. Du vil delta i tverrfaglig samarbeid med øvrige tilsette, internundervisning og kvalitetsarbeid, og være med i fagleg nettverk for sjukeheimslegar. Knarvik sjukeheim er godkjend som utdanningsinstitusjon og veiledningsansvar kan bli tillagt stillinga. Samarbeid med pårørande er ein del av arbeidskvardagen.
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som lege
- Ønskjeleg med Spesialistgodkjenning- fortrinnsvis allmennmedisin, indremedisin eller geriatri
- Søkjer uten spesialistgokjenning forplikatar seg til å delta i eit spesialiseringsløp, fortrinnsvis i allmennmedisin.
- Godkjent LIS1- teneste
- God norskkunnkskap, både munnleg og skriftleg
- God samarbeidsevne med ulike faggrupper
Kven er du?
VI ønsker oss ein lege som er glad i å jobbe med eldre mennesker, og som held seg fagleg oppdatert. Du trivst med tverrfagleg samarbeid, og likar å formidle kunnkskap. Vi trur også at dersom du har gode kommunikasjonsevner, er løysingsortientert og takler ein hektisk arbeidskvardag så har du gode forutsetningar for å meistre jobben på ein god måte. Personlege eigenskap vil bli vektlagt ved tildeling av stillinga.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons og forsikringsavtalar
- Fagleg utvikling og moglegheit til å bidra til forbetring av tenesta
- Eit svært godt arbeidsmiljø
- Kollegaer som brenn for å «gi det vesle ekstra» for bebuarane våre kvar dag
- Høgt fagleg fokus
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | ISDALSTØ (Adresse: Kvernhusmyrane 7 Postnr: 5914) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 23-01-2025 |