Stillingsbeskrivelse

Published 13-01-2025
Deadline: 28-01-2025

Sjåfør i fast stilling

Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Transport utfører portørtenester,
forsyningstenester, avfallshandtering og andre interne transporttenester for helseføretaket og er ein viktig
bidragsytar for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset. Vi har om lag 120 medarbeidarar og er delt i tre
seksjonar; Pasientportørtenesta, Forsyningstenesta og Miljøhall og varetransport. Vi er lærebedrift i
logistikkfaget, portørfaget og gjenvinningsfaget og satsar på utdanning av både lærlingar og fast tilsette.

Miljøhall og varetransport er ein intern serviceseksjon med drift alle dagar i
året. Våre hovudaktivitetar er avfallshandtering og sortering ved sjukehuset
samt transport av tøy, varer, mat og medisinar mellom ulike lokasjonar
innan helseføretaket. Vi utfører også flyttetenester. Miljøhallen er plassert i
ein fjellhall bak sentralblokka og seksjonen består av seksjonsleiar og om lag
20 tilsette. Vi set trivsel på arbeidsplassen høgt og har eit kontinuerleg
fokus på HMS.

Vi har no ledig to 100% faste stillingar som sjåfør, med tiltredelse snarast. Arbeidet blir utført for tida på dagtid (07:00-15:00), måndag til fredag.

Oppgåvene kan vere fysisk krevande. Vårt arbeidsspråk er norsk, og gode norskkunnskapar, skriftleg så vel som munnleg, er nødvendig.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåva vil vere sjåføroppgåver knytta til seksjonens bilar og oppdrag. (Komprimatorbil, skapbil med bakløfter og mindre varebilar) dette vil til dømes vere distribusjon av mat, tøy, medisin, forbruksmateriell, flyttegods, avfall og anna                                                                                             
  • Sekundært blir det også anna arbeid, som til dømes arbeid i Miljøhallen. Det blir forventa at ein er villig til å løyse alle seksjonens oppgåver ved ønske og behov
  • Utføre flytteoppdrag i Helse Bergen HF
  • Vask og Vedlikehald
  • Forefallende oppgåver
  • Arbeidet er til tider fysisk krevande

Ønskelege Kvalifikasjonar

  • Førarkort kl. C eller C1
  • Gyldig yrkessjåførkompetanse (YSK)
  • Det er ønskeleg med relevant arbeidserfaring
  • Ønskeleg med truckførarbevis klasse T1 og T4
  • Du må gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

Vi tenker du er:

  • Påliteleg, imøtekommande og løysingsorientert
  • Vser lagånd og jobbar for å gjere kvardagen enklare for dei i kring deg
  • Arbeider sjølvstendig og samarbeider godt med andre
  • Full av arbeidslyst og glede
  • Serviceinnstilt og fleksibel
  • Hjelpsam, kollegial og gjer ditt beste for at seksjonen skal nå sine mål

Vi tilbyr deg:

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftsidrett
  • God tilkomst med kollektivtransport og moglegheit for tilsettparkering

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Lasse Haugland, Driftskoordinator varetransport, 95890465
Mona Halvorsen, Einingsleiar, 92977678

Arbeidsstad

Haukelandsveien 26 B
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4905983489
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.01.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Transport/ Miljøhall og varetransport, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Transport og lager
Yrke Tog-, sporvogn- og vegtrafikk
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 26 B Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1b1b25c5-647e-43bf-ad8a-1b93cbda9aae
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31