Sjåfør for renovasjonsbil – Nordfjord Miljøverk Iks

Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon

(9 timer siden)

  • SANDANE
  •  Lagt til dato: 22. november 2024
  •  Expire date: 8. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 22-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Sjåfør for renovasjonsbil

Likar du å være på vegen i vakre Nordfjord, og ha eit fysisk arbeid og samtidig gjere ein viktig innsats for miljøet i ein spennande og framtidsretta bransje i sterk utvikling, kan dette være jobben for deg !

Litt om oss

NoMil skal vere ein hyggjeleg plass å arbeide, med sterk fokus på arbeidsmiljøet og at våre tilsette skal ha ein trygg arbeidsplass. Vi har sterk fokus på HMS og ynskjer at du bidreg til at vi når våre mål. Vi ynskjer å ha trygge renovatørar som køyrer skadefritt vegar, og du må like å ta vare på bil og utstyr.

Det er viktig å ta vare på miljøet, på våre kundar, og ikkje minst andre trafikantar som ferdast på både tronge og krunglete vegar.

Renovatør/sjåfør

NoMil søkjer etter ny renovatør/sjåfør i 100% fast stilling med oppmøtestad på Nordfjordeid i Stad kommune.

For stillinga er det eit krav om at du har:

  • førarkort klasse C eller CE og YSK

  • god hele og fysikk

  • snakkar og forstå norsk tilsvarande nivå B2

  • normale digitale ferdigheitar

  • fagbrev innan transportfag vert vektlagt

Personlege eigenskapar

Du bør ha en positiv innstilling, og vere ein engasjert og god kollega med godt humør. Det er viktig å ha god arbeidsmoral, vere nøyaktig og til å stole på, og lojal mot selskapet og våre abonnentar.

Vi tilbyr

  • ein attraktiv arbeidsplass med gode kollegaer

  • konkurransedyktige lønsvilkår med tillegg for fagbrev

  • gode pensjons- og AFP ordning gjennom KLP som og tilbyr gunstige private lån og forsikringar

Nomil er oppteken av å ha gode og ryddige forhold på arbeidsplassen, og gje god opplæring og personleg utvikling til våre tilsette.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nordfjord Miljøverk Iks orgnr: 877554392
Kort om arbeidsgiver

Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfalls-handtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane med avdelingar på Nordfjordeid og i Florø

Webside https://www.nomil.no
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted SANDANE (Adresse: Eidsmona 36 Postnr: 6823)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cdf54b4f-08ae-40cb-8156-eff852fbf106
Stillingsregistrering