Stillingsbeskrivelse

Published 12-03-2025
Deadline: 30-03-2025

Servicevert ved Fjaler Sjukeheim 100 % fast stilling

Vi ser etter deg som har interesse for å arbeide med menneske innan eldreomsorg , som er serviceinnstilt og som finn det givande å vere til støtte, hjelp og formidle tryggleik for bebuarane og brukarane av Fjaler Sjukeheim. 

Med tanke på framtidas behov innan eldreomsorg, ser vi no på korleis vi kan løyse oppgåvene framover på ein anna måte. Vi har jobba systematisk over tid for å finne dei beste løysingane for framtida og gjennom prosjektarbeid som deltakarar i KS sitt læringsnettverk, har vi no landa på å tilsetje ein servicevert.

Vi håpar du søkjer på denne nye og spennande stillinga som vil være av stor verdi for bebuarane og brukarane av Fjaler Sjukeheim.

Vi ser behov for ein ny medarbeider som skal jobbe med følgande arbeidsoppgåver:

  • Delta i daglege og praktiske oppgåver i avdelingane
  • Praktisk hjelp under måltid
  • Aktivitet saman med pasientane
  • Enkle reinhaldsoppgåver
  • Følgje pasientar til behandling utanfor institusjon t.d tannlege, sjukehus
  • Vere delaktig i arbeidet kring trivselstiltak, både inne og ute, t.d pynte til høgtider, hagearbeid
  • Avlaste helsepersonell
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre

Arbeidsoppgåvene er ikkje utfyllande og vil kunne endrast etter behov

Kvalifikasjonar:

  • Personleg eigna og interesse for tenesta
  • Godt humør
  • Du må trivast å jobbe med eldre
  • Gode haldningar og vere ein god rollemodell for dine kollegaer
  • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Fleksibel, løysningsorientert, engasjert og kreativ
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og halde god orden
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest,
  • godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
  • Førarkort klasse B er ynskjeleg

Hos oss får du:

  • Løn etter utdanning og erfaring (assistent eller fagarbeider)
  • Arbeid på dagtid (for tida 08.00-15.30) 37,5 t/veke
  • Vere med på å forme stillinga sjølv
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer.
  • Fadderordning og introduksjonsprogram for nytilsette

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjaler kommune Fjaler sjukeheim orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjaler sjukeheim har totalt 35 plasser fordelt på 3 avdelingar. Av desse er 13 langtidsplasser, 8 plasser på skjerma eining og 14 plasser på korttid/rehabiliteringsavdeling. Tilsynslege er tilknytt sjukeheimen med legevisitt 2 dagar per veke. Vi har og tverrfagleg samarbeid med ergo-/fysioterapitenesta som ligg i same bygg.

Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lager mat etter kok/kjøl prinsippet. Vi har eige dagsenter for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald for sosialt samvær, aktivitet og måltid. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør.

Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

Sjukeheimen har starta opp med arbeid knytt til oppgåvdeling – TØRN. Våre tenester vert tilpassa for å møte framtida sine behov, og vi har mange spanande oppgåver.

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted DALE I SUNNFJORD (Adresse: Dalsvegen 81 Postnr: 6963)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/153385f8-7173-471d-99d3-4f18c36a7c1a
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31