Servicemedarbeidar, sentralbord – Personal og organisasjonsstaben, avdeling servicekontoret
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(22 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 07-11-2024
Deadline: 24-11-2024
Servicemedarbeidar, sentralbord
I Ørsta kommune er det frå 02.01.2025 ledig ei 50 % vikarstilling, fordelt på 3 dagar, som sentralbord-/servicemedarbeidar. Den som vert tilsett vil ha arbeidstid måndag, onsdag og kvar andre torsdag/fredag. Stillinga er knytt til avdeling service- og dokumentasjon som er ein del av personal- og organisasjonsstaben. Avdelingsleiar på servicekontoret vil vere næraste leiar. Stillinga vil ha kontorplassering på Ørsta rådhus.
Arbeidsoppgåver
Servicekontoret er sentralt i Ørsta kommune sitt møte med omverda og stillinga vil i hovudsak ha arbeidsoppgåver som:
- Sentralbordteneste for Ørsta og Volda kommune og servicemedarbeidar for Ørsta kommune
- Oppgåvene er allsidig og krevjande, og stiller krav til fleksibilitet og innsikt i dei fleste områda innanfor kommunal forvaltning.
- Den som vert tilsett vil ha ei dedikert rolle som sentralbordmedarbeidar 2 av vekedagane og må vere budd på å få tildelt arbeidsoppgåver i samsvar med dei behova avdelinga har.
Kvalifikasjonar
Det vert ikkje stilt særskilde krav om utdanning, men:
- Relevant erfaring er ønskeleg
- Erfaring med sentralbordteneste og elektronisk post er ein fordel
- God kjennskap til offentleg forvaltning og erfaring frå liknande arbeid er ønskeleg
- Ei framferd som er grunnleggjande serviceorientert
- Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Kunnskapar og interesser innanfor informasjonsteknologi
- Evne og motivasjon til å handtere fleire oppgåver og saksområde samstundes
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- Evne til å vere kreativ og finne gode løysingar
- Ei fleksibel og serviceinnstilt haldning
- Evne og motivasjon til å handtere fleire oppgåver og saksområde samstundes
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og variert arbeidskvardag
- Gode kollegaer
- Eit godt og stimulerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons– og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.1 – Stillingar utan særskilt krav til utdanning
Stillingskode 6912 – Servicemedarbeidar
Stillingsinnhald vil kunne verte endra basert på kvalifikasjonar og i samsvar med kommunen sitt behov til ei kvar tid.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Intern søkjar:
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids-tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML § 14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Bjørdal Sæbønes, Avdelingsleiar service og dokumentasjon, 91 68 50 27, elisabeth.sabones@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 6
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4881649829
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 02.01.2025
Sluttdato: 31.10.2025
Søknadsfrist: 24.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Personal og organisasjonsstaben, avdeling servicekontoret orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap |
Webside | https://www.orsta.kommune.no/arbeid/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | ØRSTA (Adresse: Dalevegen 6 Postnr: 6153) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 02-01-2025 |
Søknadsfrist | 24-11-2024 |