Stillingsbeskrivelse

Published 18-09-2024
Deadline: 02-10-2024

 

Service- og administrasjonsmedarbeidar

Direktoratet for sammfunnstryggleik og beredskap (DSB) har ledig stilling som service- og administrasjonsmedarbeidar ved kontoret i Nydalen i Oslo. Ønskjer du å jobbe med varierte oppgåver innanfor kontorstøtte? Vi treng ein medarbeidar som kan betene resepsjonen vår, vere møtevert/-vertinne og halde orden på lokalet vårt. Vi ser etter deg som er ein strukturert lagspelar.
 
Du skal:

  • handtere besøk og tilgangskontroll
  • jobbe med administrasjon og service ved interne og eksterne arrangement
  • tilby følgjeteneste
  • yte service til tilsette og besøkande
  • kontere fakturaer for seksjonen

 
Kvalifikasjonar
 
Du må ha:

  • relevant fagbrev (t.d. innanfor administrasjon og service). Fullført vidaregåande skule og relevant erfaring kan kompensere for kravet til fagbrev. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
  • lang og relevant erfaring frå resepsjons- og kontordrift
  • god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
  • god munnleg framstillingsevne på engelsk
  • erfaring med rekneskapssystem, Unit4 eller tilsvarande
  • følgjande personlege eigenskapar
    • lagspelar
    • gjennomføringsevne
    • strukturert
    • ansvarsmedviten
    • sjølvstendig

 
 
Vi ønskjer at du har:

  • erfaring med å leggje til rette for interne og eksterne arrangement

 
Vilkår
Fast stilling som konsulent (stillingskode 1060), med årsløn frå kr 448 900 til kr 584 500 (lønstrinn 42–60) eller førstekonsulent (stillingskode 1408), med årsløn mellom kr 524 700 og 624 500 kr (lønstrinn 53–64)
 
Om avdelinga, seksjonen og stillinga
Avdelinga for naud- og beredskapskommunikasjon (NBK) har ansvar for Naudnett og Naudvarsel og er det statlege kompetansesenteret for naud- og beredskapskommunikasjon. Naudnett er eit landsdekkjande mobilnett for naudetatar og beredskapsaktørar i Noreg. Naudnett er eit kommunikasjonssystem for samhandling og leiing som blir nytta både i det daglege og under kriser. Naudvarsel blir brukt til å varsle folkesetnaden om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. DSB er systemeigar av Naudvarsel. Det er politiet og Sivilforsvaret som sender ut sjølve varselet. 
Stillinga er plassert i Seksjon for forretningsstyring, som har 11 tilsette med høg kompetanse, primært innanfor økonomi og juss. Seksjonen har mellom anna ansvar for å følgje opp store leverandørkontraktar for drift og anskaffing av utstyr til Naudnett. Oppgåvene til seksjonen ligg i skjeringspunktet mellom forretningsdrift og offentleg forvalting. Seksjonen har i tillegg ansvar for administrasjon, HMS og leiaroppfølging.
 
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
 
 
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
 
 
Hos oss får du

  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
  • fleksibel arbeidstid
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

  
 
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
 
 
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
 Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
 
 
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er 
fungerande seksjonssjef Marianne Hotvedt : e-post marianne.hotvedt@dsb.no, telefon 23 00 57 58
 
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!
 
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap orgnr: 974729385
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted OSLO (Adresse: Postnr: 0484)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6566c250-e0b2-442d-93ab-222ef102659a
IMPORTAPI