Stillingsbeskrivelse
Published 24-03-2025
Deadline: 08-04-2025
Sentrumskoordinator
Brenn du for by- og sentrumsutvikling? Vil du vere med på å skape eit levande og attraktivt Fosnavåg sentrum? Vi søker ein initiativrik og engasjert sentrumskoordinator som skal vere bindeleddet mellom kommunen, handelsstanden og næringslivet. Du får ei sentral rolle i å utvikle samarbeid, initiere aktivitetar og styrke Fosnavåg som ein spanande destinasjon for innbyggarar, besøkande og næringsliv.
Dette er eit toårig prosjektarbeid, med moglegheit for vidare forlenging. Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- bygge sterke og varige samarbeid mellom kommunen, handelsstanden og næringslivet
- sikre forankring og framdrift i samsvar med Utviklingsplan for Fosnavåg og andre kommunale planar
- skape aktivitetar og nye møteplassar i sentrum for å gjere byen meir attraktiv
- jobbe for ei varig løysing og vidare finansiering av stillinga
- hjelpe handelsstanden med sentrumsutvikling, nyskaping og felles retning
- arbeide aktivt for for å fylle tomme lokale og skape liv i byromma
- profilere Fosnavåg som ein attraktiv stad for turisme, handel og arrangement
- engasjere barn, unge og lokalsamfunnet i aktivitetar som styrker kultur og identitet
- styrke omdømebygging og marknadsføring av Fosnavåg sentrum
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning på høgskulenivå
- erfaring kan kompensere for høgare utdanning
- fordel med erfaring innan byutvikling, marknadsføring, prosjektleiing eller liknande
- erfaring med marknadsføring og god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- trivst i ei oppsøkande og synleg rolle
- er kreativ, ser moglegheiter og løyser utfordringar
- sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er engasjert, handlekraftig og resultatorientert
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i tilsettingsprosessen i tillegg til kompetanse og erfaring.
Vi tilbyr
- ei spennande og variert stilling med høve til å skape reelle endringar
- eit engasjert og kompetent fagmiljø
- konkurransedyktig løn etter avtale
- pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- høve til å forme framtida til Fosnavåg sentrum
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Søkarlista kan verte offentleggjort og og aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Ole Magne Rotevatn, Avdelingsleiar, +47 90974128
Arbeidsstad
Rådhusgata 5
6090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 4932148911
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 08.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Herøy kommune, utvikling orgnr: 974616963 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske. Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time. Kommunen sin visjon er «ei båtlengd føre». Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av ! |
Webside | https://www.heroy.kommune.no/ |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Ingeniør bygg |
Sted | FOSNAVÅG (Adresse: Rådhusgata 5 Postnr: 6090) |
Stillingstype | Engasjement Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-04-2025 |