Seniorrådgjevar/Tolloverinspektør – Tolletaten
Security and readiness Politi fengsel og toll(15 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 25-12-2024
Deadline: 15-01-2025
Seniorrådgjevar/Tolloverinspektør
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. I tråd med verksemdsstrategien til etaten skal digital dialog og tidleg informasjonsinnhenting gi rask, effektiv og korrekt handtering av varestraumane. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering.
Vareførselsdivisjonen (VD), som er etablert med hovudkontor i Bergen, skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.
Oppfølgingsavdelinga består av ni seksjonar og har nasjonalt fagansvar for å kontrollere den registrerte vareførselen. Målet vårt er å etablere ein heilskapleg bruk av kontrollverkemiddel retta mot næringslivet for å sikre auka etterleving. Det skal skje i samarbeid med andre einingar og samarbeidande myndigheiter ved å bruke verkemiddel som informasjon, førebygging, etterretning, analyse og sanksjonering.
Seksjonen i Bergen skal gjennom effektive og målretta revisjonar av den registrerte vareførselen i Tolletatens deklarasjonssystem (TVINN) bidra til at oppfølgingsavdelinga når dei ønska måla og resultata. Oppgåvene vil vere kontroll i notid og i ettertid, inkludert oppfølging og kontroll av at autorisasjonar og løyve blir etterlevde. I tillegg gjennomførar seksjonen kontrollar av grunnlagsdata og statistiske data, tollavgift, restriksjonar, ulovlege varer og etterleving av regelverk og prosedyrar i den registrerte vareførselen. Revisjonar er eit viktig verktøy for å førebyggje, motverke og avdekkje økonomisk kriminalitet.
Det nasjonale ansvaret for oppfølging av grensekryssande vareførsel innanfor sjømatnæringa ligg i seksjonen. I tillegg følgjer seksjonen opp andre område, som brot på sanksjoneringsregelverket. Det kan vere aktuelt å leggje koordinerings- og oppfølgingsansvar for éin eller fleire av Tolletatens samarbeidande aktørar til stillinga.
Vi har to ledige stillingar: etterkontroll og rettleiing innanfor etterleving av regelverk. Du bør ha interesse for og evne til å sjå og forstå samanhengar ut frå tilgjengelege dataopplysningar.
Sentrale arbeidsområde:
- Sjå til at regelverk og prosedyrar for grensekryssande vareførsel blir etterlevde
- Ta sjølvstendig ansvar for og ha myndigheit til å rettleie og kontrollere og ta avgjerder i saker knytte til registrert vareførsel
- Samarbeide med andre offentlege instansar
- Delta i utviklings- og prosjektarbeid
- Det kan bli aktuelt med undervisning- og foredragsverksemd.
Arbeidsoppgåvene vil vere i tråd med satsingane og prioriteringane som til kvar tid gjeld for seksjonen. Du må rekne med at det blir litt reising.
Kvalifikasjonskrav:
- Du har fullført mastergrad innanfor relevant fagområde. Relevant bachelorgrad kombinert med svært god realkompetanse kan erstatte kravet om mastergrad, og tollfagleg utdanning og svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad.
- Du har relevant arbeidserfaring frå offentleg verksemd.
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Vi legg vekt på kjennskap til og interesse for arbeidsområdet.
- Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Det er ønskjeleg at du har
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid frå offentleg verksemd
- Erfaring med å samanstille og trekkje ut relevant informasjon frå tilgjengelege data
- Interesse for og erfaring med IT og erfaring med Office-pakken og reknearkprogram (Excel)
- Erfaring frå eller kunnskap om sjømatnæringa
- Kontrollerfaring frå offentleg myndigheit
Personlege eigenskapar:
- Du arbeider strukturert og mål- og resultatorientert, leverer innanfor gitte fristar og kan handtere fleire oppgåver samtidig.
- Du liker å ta initiativ, er nysgjerrig og ønskjer å bidra på alle arbeidsområde.
- Du trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team.
- Du er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Fagleg samarbeid både internt og med andre offentlege myndigheiter
- Lønn som seniorrådgivar eller tolloverinspektør, avhengig av bakgrunn og kvalifikasjonar – lønnsspenn frå 600 000 til 720 000 kroner (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstidsordning med høve til å bruke ein time i veka til bevegelse i arbeidstida (BiA)
- Høve til å leige feriestadene til Tolletaten
- Arbeidsstad i moderne lokale i Solheimsviken, Bergen
Du må kunne levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing. Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte seksjonssjef Kenneth Rastad på tlf. 928 08 535.
Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.
Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Mangfald og inkludering
Tolletaten meiner at mangfald og inkludering er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar, kompetansar, erfaringar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Mangfald bidreg til auka kreativitet, betre avgjerdsprosessar, større fleksibilitet og styrkjer kulturen og arbeidsmiljøet vårt. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene bli invitert til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må du oppfylle krava til positiv særbehandling. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgjevarportalen. Dersom du har behov for individuell tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, vil vi prøve å imøtekome dette så langt det let seg gjere.
DIVERSE INFO