Seniorrådgjevar/rådgjevar innan studieadministrasjon – Universitetet i Oslo
Kontor og økonomi Personal arbeidsmiljo og rekruttering(14 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 11-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Seniorrådgjevar/rådgjevar innan studieadministrasjon
Om stillinga
Det utdanningsvitskaplege fakultet er eit av dei største europeiske fagmiljøa innan utdanningsvitskap. Vi søker ein dyktig seniorrådgjevar/rådgjevar til studieseksjonen ved fakultetsadministrasjonen. Studieseksjonen arbeider innanfor område som studieinformasjon, læringsmiljø, studentrekruttering, eksamensavvikling, studentutveksling, regelverk og studiekvalitet. Seksjonen har 15 tilsette og er eit serviceorgan for einingane.
Vi søker ein framoverlent kollega som vil samarbeide tett med seksjonssjef og sakshandsamarar på tvers av fakultetet. Vi ser etter deg som er ein erfaren studieadministrator med gode samarbeidsevner, og som ønsker å være ein viktig bidragsytar til å profesjonalisere studietenestene ved fakultetet og legge til rette for god samhandling. Vi vil óg sjå på moglegheita for å utvikle dine interesser og kompetanseområde innanfor studiefeltet.
Stillinga vil innehalde arbeidsoppgåver på både strategisk og operativt nivå, og du må trivst med begge delar.
Arbeidsoppgåvene i denne stillinga vil være
- Utgreiing, utvikling- og tyngre sakshandsamingsoppgåver innan studiefeltet, inkludert fuskesaker, klagesaker og høyringar
- Oppfølging av studiekvalitetssystemet ved fakultetet
- Sakshandsaming ved revisjon og oppretting av emne og studieprogram
- Rådgjeving til andre sakshandsamarar på studiefeltet
- Oppfølging og kvalitetssikring av studieregelverk
- Videreutvikling av effektive rutinar på studiefeltet
- Koordineringsfunksjon for ulike felt og system, som FS (Felles studentsystem), EPN (Emneplanlegging på nett) og masteropptak
Andre arbeidsoppgåver kan leggast til stillinga ved behov, avhengig av behovet i seksjonen.
Kva slags kompetanse må du ha?
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande bachelorgrad. For tilsetting som seniorrådgjevar krevst mastergrad. Fleire års relevant erfaring kan vege opp for manglande høgre utdanning.
- Brei erfaring med sakshandsaming frå offentleg administrasjon
- Brei og relevant erfaring frå studieadministrativt arbeid, sakshandsaming og utgreiing på studiefeltet. For tilsetting som seniorrådgjevar er omfattande erfaring ein føresetnad.
- Svært god digital kompetanse
- Svært god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
- God kjennskap til relevant regelverk på studiefeltet
For tilsetting i stillingskode seniorrådgjevar er det ein føresetnad at du kan dokumentere omfattande og relevant erfaring og høg kompetanse innanfor arbeidsområda til stillinga.
Vi ønsker óg at du har følgande kompetanse
- Erfaring med dei administrative systema til UiO eller tilsvarande system, vi bruker mellom anna FS, Inspera, EPN og ephorte
Kva ser vi etter hos deg?
For å trivst hos oss og i stillinga meiner vi at enkelte eigenskapar og evner er viktig, og vi vil vektlegge desse når vi vurderer aktuelle kandidatar. Vi søker deg som:
- er fleksibel, initiativrik og evner å tenke langsiktig
- blir motivert av å spele andre gode
- arbeider sjølvstendig, strukturert og har dokumentert god gjennomføringsevne
- har gode samarbeidsevner og rolleforståing
- er analytisk, service- og utviklingsorientert
- er effektiv samstundes som du leverer arbeid av høg kvalitet
Vi vil legge avgjerande vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Kvifor skal du velje oss?
I tillegg til å jobbe i ein stor og viktig kunnskapsorganisasjon kan vi tilby mykje bra som tilsett hos oss, til dømes:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksitid, og sommartid mellom mai og september
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse – ein av Noregs beste pensjonsordningar med moglegheit for å søke om bustadlån med gunstige vilkår
- Tilsettegoder, til dømes barnehagar, bedriftsidrettslag og kunstklubb
- Løn som rådgjevar kode 1434 innanfor eit spenn mellom kr 635 400 og kr 708 000, avhengig av din kompetanse og erfaring
- Løn som seniorrådgjevar kode 1364 innanfor eit spenn mellom kr 692 400 og kr 796 600, avhengig av din kompetanse og erfaring. Frå løna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.
Vi ber om at du legger ved dette i søknaden din
- Søknadsbrev der du tydeeg får frem motivasjonen din for å arbeide hos oss
- CV
- Kopi av vitnemål og attestar
- Navn og kontaktinformasjon på 2-3 referansar (namn, tilknytning til søkar, epostadresse og telefonnummer)
Merk: Vi oppmodar deg til å bruke fritekstfeltet når du fyller ut CV’en din i Jobbnorge, med ei kort oppsummering av oppgåver og erfaring du har frå tidlegare arbeidsforhold, kva du har oppnådd og anna du tenker er relevant. Det hjelper oss til å få eit godt bilde av deg og dine kvalifikasjonar.
Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskriftene dine.
All dokumentasjon må være på engelsk eller eit skandinavisk språk.
Andre opplysningar
Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.
I tråd med offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkaren bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Før vi eventuelt gjer det, vil vi sjølvsagt gi deg beskjed.
Ved Universitetet i Oslo har vi eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønsker Universitetet i Oslo at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Har du hól i CV-en din, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søker stillinga hos oss. Det gir deg moglegheit for å få positiv særhandsaming, og vi inviterer alltid inn minst ein kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Oslo orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Oslo er Norges eldste og høyest rangerte forsknings- og utdanningsinstitusjon med 28 000 studenter og 7 500 ansatte. Faglig bredde og internasjonalt anerkjente forskningsmiljøer gjør UiO til en viktig samfunnsaktør. Det utdanningsvitenskapelige fakultet er landets ledende, og et av Europas største, multidisiplinære utdannings- og forskningsmiljø innen utdanningsvitenskapelige fagområder. Fakultetet er et av åtte fakulteter ved Universitetet i Oslo, og består av tre institutter og et permanent senter. Vi har cirka 3500 studenter, og totalt er det om lag 400 årsverk som jobber hos oss. |
Webside | http://www.uio.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Personal, arbeidsmiljø og rekruttering |
Sted | OSLO (Adresse: Sem Sælands vei 7 Postnr: 0371) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |