Stillingsbeskrivelse

Published 21-10-2024
Deadline: 06-11-2024

 

Seniorrådgjevar – analyse

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.

Til  Utgreiingsseksjonen søker vi no ein samfunnsengasjert og analytisk sterk kollega med ferdigheiter og interesse for samferdsle  og samfunnsøkonomiske analysar.

Kontorstad er Bergen eller Leikanger. Andre kontorstader kan vurderast. 

Kort om arbeidsoppgåver

  • Være strategisk rådgjevar og koordinator i arbeidet med porteføljestyring av prosjekt
  • Strategisk arbeid med overordna planer og styringsdokument som t.d  regional transportplan – og nasjonal transportplan
  • Leie – eller delta i ulike typer utgreiingsarbeid, forprosjekt, kunnskapsgrunnlag
  • Spennande oppgåver i grensesnittet mellom administrasjon og politikk,- herunder deltaking i politiske møter/utval, saksproduksjon mv
  • Utarbeide samfunnsøkonomiske og finansielle analysar innan infrastruktur og veg 

Hos oss kan du forvente

Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling i et sterkt tverrfagleg miljø. Arbeidsmiljøet er uformelt, og vi og er opptekne å støtte kvarandre i det faglege og trivast saman på jobb. Slik får vi det beste ut av kvarandre og skaper engasjement. Seksjonen har et lågt sjukefråvær og vi skårar høgt på samarbeid og arbeidsglede. 

Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale. 

    Kvalifikasjonar

    Til stillinga er det fordel med mastergrad, men minimum tre års høgare utdanning med samfunnsøkonomisk bakgrunn, eller relevante fag som t.d. ingeniørfag, samfunnsvitenskap og statistikk. Det ønskeleg med erfaring og strategisk oversyn over samferdsle i Vestland. Stor fordel om du har kunnskap om administrative og politiske prosessar generelt, offentleg forvaltning og gjerne erfaring frå samfunns- og transportplanlegging.

    Du er analytisk og sjølvdriven, samtidig som du er flink til å samarbeide med andre og utvikle eit godt arbeidsmiljø.  

    Vi ønsker oss ein kollega som er motivert for å spele kollegaer på avdelinga gode med råd og profesjonell bistand. Stillinga krev analytiske evner, samfunns- / samferdsleinteresse og god prosessuell forståing. Du trivs med samarbeid då stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer på tvers av seksjonane, avdelingane, kommunar – og eksterne.

    Vi ønskjer at du er initiativrik, har pågangsmot og gjennomføringsevne.

    Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte seksjonsleiar Utgreiing Erlend Iversen på telefon 40465632 eller avdelingsleiar John Martin Jacobsen telefon 97142274

    Anna informasjon

    Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod om stilling.

    Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. 

    Kontaktinformasjon

    Erlend Iversen, Seksjonsleiar, 40465632

    Arbeidsstad

    Lars Hilles gate 22
    5008 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

    Referansenr.: 4828989984
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 06.11.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver INV – Utgreiing (Bergen), Vestland fylkeskommune orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

    Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

    Webside vlfk.no
    Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
    Yrke Ikke identifiserbare
    Sted BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 06-11-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0ff8f9c8-fce0-474c-8fe1-ad95e8f5c692
    IMPORTAPI