Senioringeniør (100% midlertidig) – Universitetet i Bergen

Construction Andre ingeniorer

(1 dag siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 18. september 2024
  •  Expire date: 3. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-09-2024
Deadline: 03-10-2024

 

Senioringeniør (100% midlertidig)

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør 

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei mellombels stilling som senioringeniør frå 1. oktober 2024 til 31. desember 2025. Personen som blir tilsett vil gå inn som IT-prosjektleiar i prosjektet FairChoices – DCP Analytics Tool (www.fairchoices.org), som er knytt til Bergen Centre for Ethics and Priority Setting (BCEPS). FairChoices er basert på pakken Shiny i programmeringsspråket R. Vi er ute etter ein person som kan leie arbeidet med produktutviklinga av dette analyseverktøyet. Arbeidsstad vil vere Overlege Danielssens hus, Årstadveien 21, 5009 Bergen.

BCEPS er eit forskningssenter som har som mål å forstå og fremje etisk akseptabel, rettferdig og effektiv prioritering i nasjonale helsevesen. Sjå meir om BCEPS her: https://www.uib.no/en/bceps

Arbeidsoppgåver:

  • Leie arbeidet med å oppgradere arkitekturen til FairChoices for å møte umiddelbare behov frå samarbeidande land og leggje til rette for forsking og akademisk samarbeid. 
  • Leie arbeidet med å utvikle og inkludere etterspurde funksjonar i FairChoices. 
  • Implementere funksjonar i FairChoices ved bruk av programmeringsspråket R. 
  • Bidra med bygging av team (definere oppgaver, vurdere resultat, prioritere ressurser etter behov) 

Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga eller instituttet sine arbeidsområder

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad eller tilsvarande kvalifikasjonar innanfor relevant fagområde. 
  • God evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på engelsk er eit krav. 
  • Kompetanse og røynsle innan IT-prosjekt- og produktleiing. 
  • Kjennskap til programmeringsspråket R. 
  • Røynsle med bruk av praktisk prosjekt- og produktutviklingsmetodikk (t.d. PRINCE2 og Agile/Scrum). 
  • Gode prosjektleiareigenskapar og menneskelege kvalifikasjonar. 
  • Evne til å arbeide på tvers i ein sterk kunnskapsorganisasjon med autonom kultur. 
  • Evne til å arbeide på tvers av ulike institusjonar i ulike land. 
  • Sjølvstendig, strukturert, arbeider godt i team. 
  • Interesse for både kunde-/brukarbehov og teknologi. 
  • Kjennskap til FairChoices-prosjektet er ein fordel

Vi søkjer ein person som:

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. 
  • Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter. 
  • Serviceinnstilt og opptatt av å finne løysinger. 
  • Sjølvstendig, strukturert og med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. 
  • Nysgjerrig og med evne til å tileigne seg nødvendig kompetanse. 
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap. 

Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad der du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spennande medarbeidarar med ulik bakgrunn. 

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø. 
  • Løn er for tida kr 657 300 – 692 400 (kode 1181, lønssteg 67-70, med mastergrad). Løn er for tida kr 657 300 – 720 100 (kode 1181, lønssteg 67-72, med doktorgrad/ph.d.). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Øystein Ariansen Haaland ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin på e-post øystein.haaland@uib.no eller telefon 55 58 61 24.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr: 983455271
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted BERGEN (Adresse: Årstadveien 17 Postnr: 5018)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6e109ef9-6cfe-4990-9591-8f7da42183a0
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268132