Stillingsbeskrivelse
Published 05-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Seksjonsoverlege ved SARKOMSENTERET
Dette er ein unik moglegheit til å arbeide med pasientar med sarkomsvulstar, ein sjeldan form for kreft som oppstår i bein- og blautvev.
Haukeland universitetssjukehus søker etter ein engasjert og erfaren ortoped med den rette kompetansen til ei spennande stilling ved Sarkomsenteret. Ortopedisk avdeling og Kreftklinikken drifter i fellesskap Sarkomsenteret. Sarkomsenteret består av tre ortopedar, alle i 100% stillingar, ein onkolog i 20% stilling og to koordinatorar. Den eine av dei ortopediske stillingane er eigd av Kreftklinikken og det er denne stillinga som no blir lyst ut. Sarkomsenteret har tett samarbeid med overlegane ved Kreftklinikken.
Sarkomsenteret ved Haukeland universitetssjukehus har, saman med Radiumhospitalet, nasjonalt ansvar for kirurgisk behandling av beinsarkom. Senteret gir eit landsdekkande tilbod og samlar ei fleirfagleg spesialistgruppe som utfører utgreiing og behandling av sarkompasientar. Vår visjon er å gi pasientane optimal behandling gjennom tett samarbeid mellom ulike faggrupper.
Legen vil vere seksjonsoverlege på Ortopedisk avdeling, og avdelingsoverlegen ved Ortopedisk avdeling er næraste leiar.
Arbeidsoppgåver
- Delta i utgreiing og behandling av pasientar med sarkomer, i nært samarbeid med eit fleirfagleg team
- Utføre kirurgisk behandling av sarkomer og andre aktuelle kreftformer
- Bidra til fagleg utvikling og forsking innan feltet
- Vere ein sentral del av behandlingsteamet ved Sarkomsenteret og bidra til god pasientflyt mellom Ortopedisk avdeling og Kreftklinikken
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Spesialistgodkjenning i ortopedi
- Erfaring med kirurgi og behandling av kreftsvulstar
- God evne til å jobbe tverrfagleg i team
- Interesse for fagleg utvikling og forsking
- Det blir lagt vekt på akademisk og forskingskompetanse
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibilitet og tilpassingsevne i eit fleirfagleg miljø
- Evne til å handtere komplekse situasjonar og ta gode avgjerder under press
- Engasjement for fagleg utvikling og innovasjon
- Evne til å lytte og involvere
- Evne til å inspirere medarbeidarar
Vi tilbyr
- Eit sterkt fagmiljø med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Moglegheit til å jobbe med sjeldne og komplekse kasus innan sarkombehandling og annan kreftkirurgi i bevegelsesapparatet
- Fleksible og varierte arbeidsoppgåver
- Haukeland universitetssjukehus tilbyr eit stimulerande og inkluderande arbeidsmiljø der du vil kunne bidra til å utvikle og vidareføre den høge faglege standarden vi har innan sarkombehandling
- Lønn, arbeidstid og eventuelt deltaking i vaktordning etter nærare avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Åsa Karlsdottir, Seksjonsleiar Kreftklinikken, 99037860, asa.karlsdottir@helse-bergen.no
Jonas Meling Fevang, Avdelingssjef OT, Fagmedisinsk avdeling Ortopedisk klinikk, 40200607, jonas.fevang@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4902690371
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |