Seksjonsleiar utgreiing – Vegforvaltning, Infrastruktur og veg , Vestland fylkeskommune
Sales, retail and retail trade Personlig tjenesteyting(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 26-11-2024
Deadline: 11-12-2024
Seksjonsleiar utgreiing
Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal
vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om
betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye
fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som
innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.
På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som
vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre.
Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet
sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.
Til Utgreiingsseksjonen søker vi no ein samfunnsengasjert og analytisk leiar som ser og utvikler sine medarbeidarar, har ferdigheiter og
interesse for samferdsle, – og trives med arbeidsoppgåver i grensesnittet mellom administrasjon og politikk.
Kontorstad er Bergen eller Leikanger. Andre kontorstader kan vurderast.
Arbeidsoppgåver
Seksjonen sitt ansvar – og oppgåver :
- Leiing av seksjonen med tilsette , for tida fordelt på kontorer i Bergen, Leikanger, Voss og Stord
- Være porteføljeforvaltar av investeringsprosjekta våre på strategisk nivå.
- Koordinering -og faglege bidrag knytt til ulike planar som Regional transportplan (RTP) og Nasjonal transportplan (NTP)
- Økonomiske analysar,transportanalyser/modeller, Finansieringsanalysar, bompengepakkar, ferjeavløysingsmidlar
- Utgreiinger og forprosjekt for samferdsleprosjekt, herunder gange-sykkel, kollektiv
- Faglege leveranser Miljøløftet
- Faglege utgreiinger, forprosjekt/mogelegheitstudier, kunnskapsgrunnlag
- Utarbeide grunnlag for administrative og politiske vedtak.
- Utøve god samhandling med øvrige seksjoner og avdelinger i fylkeskommunen, kommuner, offentlege etater og konsulenter
Kvalifikasjonar
Du har relevant høgare utdanning og erfaring frå leiing. Lang og relevant erfaring kan kompensere for krav om høgare utdanning.
Vi ser etter deg som har evne til å planlegge, styre og kvalitetssikre, ta avgjersler, prioritere og avklare forventningar i samsvar med mål og rammer.
Evne til å bygge tillit hos dine tilsette, skap trygge meistringsklima og eit godt arbeidsmiljø.
Du må kunne bygge nettverk og samhandle med eksterne aktørar, og kunne representere fylkeskommunen administrativt på vegne av fagområder på ein tydeleg og truverdig måte.
Du kan trivdes med spennande oppgåver i grensesnittet mellom administrasjon og politikk.
Du har gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Leiarerfaring – og trivdes i leiarrolla
- Gode samarbeid og kommunikasjonsevner.
- Evne til å ta ansvar og formidle tydelege beslutningar
- Høg arbeidskapasitet og likar varierte oppgåver.
- Løysingsorientert og kan bygge tillit.
Vi tilbyr
- Utfordrande, spennande og utviklande arbeidsoppgåver.
- samhandle med dyktige og trygge kollegaer i leiargruppe
- Fagleg dyktige og ansvarlege medarbeidarar i seksjonen
- Engasjerande og sterkt fagmiljø
- Fagsamlingar og sosiale arrangement.
- Fleksibel arbeidstid og sommartid.
- Mogelegheit med heimekontor.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
John Martin Jacobsen, Avdelingsleiar, 97142274
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune*
Referansenr.: 4859058665
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vegforvaltning, Infrastruktur og veg , Vestland fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk. |
Webside | https://vestlandfylke.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Personlig tjenesteyting |
Sted | BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 11-12-2024 |