Seksjonsleiar God start NSH – KK NSH God Start, Helse Førde
Kontor og økonomi Personal arbeidsmiljo og rekruttering(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 10-12-2024
Deadline: 29-12-2024
Seksjonsleiar God start NSH
Nordfjord sjukehus er lokalsjukehuset for Nordfjord. God Start eininga omfattar barselavdelinga på Nordfjord sjukehus,
følgeteneste og svangerskapsomsorg i kommunane. Eininga er eit samarbeidsprosjekt mellom helseforetaket og Nordfjordkommunane Kinn, Gloppen, Stad, Stryn og Bremanger. God Start eininga ved NSH er organisert
under Kvinneklinikken i Helse Førde.
Seksjonsleiar arbeider direkte under avdelingssjef ved Kvinneklinikken. Stillinga er ledig frå januar 2025.
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar og økonomiansvar for seksjonen
- Delta i utarbeiding av målsettinga for avdelinga
- Oppfølging av personalet sin kompetanse
- Utarbeiding av retningsliner i kvalitetshandboka
- Leie aktiviteten i avdelinga
- Delta i det kliniske arbeidet i avdelinga
- Organisering av poliklinikkverksemda
- Ca 50% klinisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Off.godkjent jordmor
- Klinisk erfaring som jordmor
- Leiarerfaring er ein fordel
- Erfaring med samarbeid på tvers i organisasjonen og utad mot kommunane
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Vere entusiastisk og kunne motivere personalet
- Vere løysingsorientert
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Fagleg og personleg utvikling
- Individuelt leiarprogram
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trude Hansen Folkestad, Avdelingssjef, (+47) 412 33 853
Arbeidssted
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4868519035
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | KK NSH God Start, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Personal, arbeidsmiljø og rekruttering |
Sted | NORDFJORDEID (Adresse: Sjukehusvegen 14 Postnr: 6770) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 29-12-2024 |