Stillingsbeskrivelse

Published 13-10-2024
Deadline: 28-10-2024

 

Seksjonsleiar for radiologiske legar

Ynskjer du å leie ein seksjon som utgjer ein sentral del av pasienttilbodet i Møre og Romsdal? 

Radiologisk avdeling Ålesund og Volda har ledig fast stilling som seksjonsleiar for vår legeseksjon. Seksjonsleiar vil ha ansvar for radiologiske legar ved begge våre lokasjoner, men i houdsak ha kontorstad ved Ålesund Sjukehus. Seksjonen har 17 overlegestillingar og 9 stillingar for LIS.

Vi søkjer ein leiar som trivst i miljø med høgt tempo, og som ynskjer å bidra til gode sjukehustenester. Som seksjonsleiar vil du på eiga hand ha ansvar for drifta i seksjonen. Arbeidsoppgåvene er varierte, og har eit spenn frå detaljerte avgjerder knytt til dagleg drift til strategiske langtidsplanar for rekruttering. Med totalansvar for kvalitet, personell, fag og økonomi skal du som leiar sikre god forvaltning av seksjonen sine ressursar. Samstundes vil du inngå i eit tett samarbeid med avdelingssjef og andre seksjonsleiarar i avdelinga, der målet er å arbeide for avdelinga som heilhet. For seksjonsleiar for legeseksjonen vil også assisterande seksjonsleiar og avdelinga sin konsulent vere nyttige hjelparar i det daglege arbeidet.

Helse Møre og Romsdal står i ei spanande, men krevjande tid. Avdelinga vår må stadig utvikle seg for å møte noverande og framtidige krav til offentleg helsevesen generelt og radiologi spesielt. For oss er det difor viktig at du er motivert til å finne gode løysingar som bidreg til å ta ut potensialet i avdelinga, samt at du har evna til å sette planar ut i praksis og følgje dei opp vidare.

Vi ynskjer at rett kandidat kan starte i stillinga snarast råd.

Vi ber om at attester og vitnemål lastes opp som vedlegg til søknaden din. 

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsleiar har totalansvar for kvalitet, personell, fag og økonomi i sin seksjon, og har som overordna oppgåve å drive seksjonen i tråd med strategier, styringsdokument, lover og forskrifter, samt innanfor gjeldande fullmakter og økonomiske rammer
  • Personalansvar med oppgåver innan: bemanning og rekruttering, HMS og sjukefråversoppfølging, utarbeiding av turnus og arbeidsplanar, tilrettelegging for spesialiseringsløp og kompetanseheving
  • Deltaking i driftsmøter med avdelingssjef med fokus på seksjonens økonomi og aktivitet
  • Deltaking i avdelinga si leiargruppe, og i utviklingsarbeid på tvers av ulike seksjonar. 
  • Kontinuerleg kvalitetsarbeid inkludert handtering av avvik
  • Kontakt med vikarbyrå og booking av vikarlegar ved behov
  • Andre oppgåver etter avtale med avdelingssjef

Kvalifikasjonar

  • Helseutdanning på bachelornivå. Utdanning innan radiografi og/eller erfaring fra radiologisk avdeling blir vektlagt
  • Relevant leiarerfaring fra spesialisthelsetenesta er ynskjeleg
  • Erfaring med kvalitetsarbeid og utvikling blir vektlagt
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

For å lukkast i stillinga må du;

  • Vere synleg og tydeleg, og ha ei profesjonell tilnærming til leiing, resultat- og personalansvar
  • Vere strukturert i eigen arbeidskvardag og ha stabil arbeidskapasitet
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og kunne bidra positivt til avdelinga sitt arbeidsmiljø
  • Ha evne til å møte utfordringar med nysgjerrigheit og motivasjon for å finne gode løysingar
  • Ha evne til å setje mål, og skape intern motivasjon i seksjonen for å oppnå desse

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Dagtidsstilling med store moglegheiter for å forme din eigen arbeidskvardag
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid og ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Eirin Beate Steinsvik Nordal, Avdelingssjef, 93003117, eirin.beate.nordal.steinsvik@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4867920058
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Radiograf og audiograf
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d05451a4-9646-4fe8-b4f8-b2557cc0c50e
IMPORTAPI