Stillingsbeskrivelse

Published 27-06-2024
Deadline: 07-08-2024

 

Seksjonsleiar BUP Kristiansund – 2 års vikariat

Lyst å jobbe saman med oss for ein bedre kvardag for barn og unge?

Vår dyktige medarbeidar har fått ansvar for eit stort digitaliseringsprosjekt i regionen, og vi søker derfor etter vikar for seksjonsleiar ved Poliklinikken i Kristiansund (BUP). Oppstartdato 01.09.2024, eller etter nærare avtale med avdelingssjef. 

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon.

Poliklinikken i Kristiansund er organisert i tverrfaglege team: akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarnsteam og generalistteam. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR og PEF, og har eit godt utvikla pasient- og pårørandeopplæringstilbod. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, eteforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid.
Poliklinikken vår har eit ivaretakende og godt arbeidsmiljø, med mykje godt humør og arbeidsglede.

Samarbeid med kommunehelsetenesta og oppvekstsektoren er organisert i Barn og unges helseteneste. Du kan lese meir om denne spennande nysatsninga her: 
https://www.helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-psykisk-helse-og-rus/avdeling-for-psykisk-helsevern-barn-og-ungdom/barn-og-unges-helseteneste   

Vi ber om at dokumentasjon på utdanning og andere relvante dokument blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar for ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette
  • Økonomi og budsjettansvar for seksjonen
  • Ansvar for den faglege utviklinga i seksjonen
  • Ansvar for drift og god ressursutnytting i seksjonen
  • Andre delegerte oppgåver frå avdelingssjef
  • Leiaren skal vere ein del av leiargruppa i avdeling Psykisk helsevern for barn og unge
  • Noko reiseverksemd må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Minst 3-årig relevant høgskuleutdanning
  • Legar/psykologar oppfordrast spesielt til å søkje
  • God kjennskap til fagfeltet
  • Nødvendig med leiarerfaring og gjerne leiarutdanning
  • Ønskeleg med erfaring frå spesialisthelsetjenesta og/eller erfaring frå psykisk helsearbeid/helsevern for
    barn og ungdom eller anna relevant erfaring frå arbeid med tenester til barn og unge
  • Personlege eigenskapar som passar stillinga blir sterkt vektlagt ved tilsetting

Personlege eigenskapar

iVi søkjer deg som

  • har gode evner til samarbeid og dialog
  • jobbar sjølvstendig samtidig som du trivst i eit team
  • er motivert for å bidra til fagutvikling og endring i organisasjonen
  • har evne til å skape engasjement, motivasjon og arbeidsglede for dine tilsette
  • har arbeidshelse til å stå i ein jobb som tidvis er krevjande
  • er strukturert og effektiv og prioriterer godt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Deltaking i ei erfaren leiargruppe som støtter og motiverer kvarandre

Kontaktinformasjon

Jenny Irene Raftevold Lyngstad, Avdelingssjef, 41 27 46 20, jenny.raftevold.lyngstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4826943621
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2024
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 07.08.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Maskin- og kranfører
Sted KRISTIANSUND N (Adresse: Herman Døhlens vei 1 Postnr: 6508)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-09-2024
Søknadsfrist 07-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/df4ee335-481e-4630-bbdf-e34bd03dc3f6
IMPORTAPI