Stillingsbeskrivelse

Published 17-12-2024
Deadline: 20-01-2025

 

Sande omsorgssenter har to ledige stillingar som

Sande omsorgssenter ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og omlag 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.

Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar? Då må du søke stilling ved Sande omsorgssenter.

Vi har ledig:

  • 2 faste 100 % stillingar som helsefagarbeidar/hjelpepleiar 

Arbeidsoppgåvene på dagens omsorgssenter er varierande, spennande og krev fagleg dyktigheit. Som helsefagarbeidar har du ansvar for heilskapleg pleie, omsorg og behandling av pasientane. Sikre dokumentasjon iht lovverk og intenrne rutinar, samarbeide med pasient, pårørande og medarbeidarar, veiledning og støttesamtalar, delta og legge til rette for aktivitet, gjeld for alle stillingstypar.

 

Søkar må: 

  • ha Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • beherske norsk godt, skriftleg og munnleg
  • kunne levere gyldig politiattest

 

Vi søker deg som:

  • er fagleg engasjert og har vilje til å halda deg oppdatert
  • er løysingsorientert, fleksibel og kan tenke nytt
  • har evne til å reflektere
  • er samarbeidsvillig
  • kan arbeide strukturert
  • samarbeider og kommuniserer godt
  • er lojal og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

 

Vi har prøv ut langvakter og har god erfaring med det. Det er og høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjera etter behov. Går ein langvakt i helgar har arbeid kvar 4.helg, kortvakter i helgar har arbeid kvar 3.helg. 

Du søker elektronisk, velkommen som søkar!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnfjord kommune Sande omsorgssenter orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted SANDE I SUNNFJORD (Adresse: Sandevegen 120 Postnr: 6973)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2b515b73-0190-454d-bb81-173e87bed12b
IMPORTAPI