Sakshandsamar i Helse og omsorgstenesta – Bremanger kommune
Kontor og økonomi Okonomi statistikk og regnskap(7 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-01-2025
Deadline: 19-01-2025
Sakshandsamar i Helse og omsorgstenesta
Bremanger kommune søkjer etter vikar i 100 % stilling som sakshandsamar i Helse og omsorgstenesta i Bremanger kommune frå snarast. Stillinga kan verte fast.
Vi tilbyr tenester innan helse, pleie og omsorg med mål om rett teneste til rett tid på rett nivå.
Vi søkjer ein eingasjert og fagleg dyktig sakshandsamar og tenestekoordinator.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming innan helse og omsorg
- Kartlegge brukarane sine behov
- Gjere framlegg til vedtak
- Samarbeid med brukarar, pårørande og andre internt og eksternt
- Bistå i handsaming av klager og kvalitetsarbeid
- Delta i utvikling av gode rutiner og arbeidsprosessar innan tenesta
- Rettleiing og oppfølging av tenestemottakarar
- Ha god oversikt over ressursar i heile Bremanger kommune
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan helse, minimum bachelorgrad som sjukepleiar eller vernepleiar
- God kjennskap til lovverk, forvaltningskunnskap, gjerne vidareutdanning på området
- Erfaring frå sakshandsaming i pleie og omsorgstenester er ønskjeleg
- Erfaring med bruk av elektroniske fagsystem
- Gode IKT ferdigheiter
- Sterke kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg på norsk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- Gode kommunikasjons – og samarbeidsevne
- Evne til å møte brukar og pårørande med respekt og forståelse
- Løysingsorientert og fagleg engasjert
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no – KommunalLandspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år.
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
- Startpakke for nytilsette. Startpakka består av eit årleg tilskot på kr. 30.000,- pr år i inntil fem år.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage. Løpande barnehageopptak gjennom året!
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Tilskot til bustadbygging.Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg
Kontaktinformasjon
Randi Ytrehus, Kommunalsjef Helse, +47 95988707
Arbeidsstad
Granden 4
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 4900478012
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 20.01.2025
Søknadsfrist: 19.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bremanger kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
|
Webside | http://bremanger.kommune.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Økonomi, statistikk og regnskap |
Sted | SVELGEN (Adresse: Granden 4 Postnr: 6723) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 20-01-2025 |
Søknadsfrist | 19-01-2025 |