Stillingsbeskrivelse

Published 15-10-2024
Deadline: 04-11-2024

 

Sakshandsamar Helse og omsorgstenester

Ledig 100 % vikariat
Avdeling forvaltning & koordinering og bustadkontoret består av omlag 13 årsverk. Her er det no ledig eit 100% vikariat som sakshandsamar. Vikariat er i fyste omgang ut 2025. Oppgåvene er å sakshandsame etter lov om helse- og omsorgstenester, pasient -og brukarettigheitslova og forvaltningslova.

Arbeidsstad
Rådhuset, Osøyro

Arbeidsoppgåver
I tida som kjem så må vi skape meir for mindre ved å gå frå tradisjon til inovasjon. Me søker difor ein initiativrik person med engasjement for forvaltningsarbeid.

  • Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å sakshandsame søknader om kommunale helse- og omsorgstenester. Dette inneber avgjerder om tildeling eller avslag på kommunale tenester ut frå lov, forskrift, rutinar og rettleiing. Som igjen inneber tett samarbeid med spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta, fastlegar, søkjarar og pårørande
  • Kartlegge, vurdere og ta stilling til kva tenester som er aktuell for den enkelte søkjar
  • Rettleie og informere brukarar, pårørande og om bakgrunn for og konsekvensar av beslutningar 
  • Samarbeide med kollegaer og andre interne og eksterne partar som helseforvaltning og offentlege organ
  • Ein må kunne tileigna seg kunnskap om og bidra på heile kontoret sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • 3 årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Ønskjeleg med minimum 3 års relevant erfaring frå arbeid innan helsesektoren
  • Ønskjeleg med erfaring som sakshandsamar innan helse-og forvaltningsrett 
  • Ønskjeleg med kompetanse innan rettleiing
  • Gode IKT-kunnskapar og beherska digitale kommunikasjonsformer
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, muntleg og skriftleg 
  • Ønskjeleg at du har førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig, strukturert og arbeidar sjølvstendig 
  • Rask,effektiv og likar høgt arbeidstempo
  • Positiv og løysningsorientert med ei heilheitleg tilnærming
  • Fremma lagarbeid både internt i avdelinga, og mot eksterne aktørar 
  • Kommuniserer godt med mennesker i utfordrande livssituasjonar
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Avdeling for forvaltning og koordinering orgnr: 989340417
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse- og miljørådgivere
Sted OS (Adresse: Rådhuset, Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c8339a4d-48a3-4b68-b403-044a410c24d9
IMPORTAPI