Stillingsbeskrivelse

Published 01-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

Sakshandsamar

Bremanger kommune har ledig ei 100% fast stilling som sakshandsamar, for tida i barneverntenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Samarbeide med barn, ungdom og familiar
  • Utarbeide og fylgje opp planar og tiltak
  • Sakshandsaming i tråd med gjeldande lovkrav
  • Håndtere uavklarte situasjonar
  • Tverrfaglege samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Barnevernspedagog eller sosionom eller andre med relevant høgskuleutdanning
  • Kunnskap /erfaring i forhold til sakshandsaming i tråd med gjeldande lovkrav

Vi legg vekt på:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Fleksibilitet og samarbeidsevne
  • Personleg eignaheit
  • Kan jobbe målretta og systemastisk
  • Relevant arbeidserfaring frå barnevern

    Den som vert tilsett må:

    • ha gode norsskunnskapar, både skriftleg og munnleg
    • ha førarkort klasse B
    • legge fram politiattest av nyare dato

      Vi tilbyr

      • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
      • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statenspensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
      • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
      • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
      • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
      • Senioravtale for tilsette over 62 år
      • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
      • Startpakke for nytilsette. Startpakka består av eit årleg tilskot på kr. 30.000,- pr år i inntil fem år.
      • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
      • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
      • Gratis barnehage. Løpande barnehageopptak gjennom året!
      • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
      • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
      • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

      Kontaktinformasjon

      Anita Brevik, Driftssjef Familie og helse, +47 95982939

      Arbeidsstad

      Granden 12
      6723 Svelgen

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Bremanger kommune

      Referansenr.: 4901144346
      Stillingsprosent: 100%
      Fast
      Søknadsfrist: 26.01.2025

       

       

      DIVERSE INFO

      Arbeidsgiver f.t. ved barneverntenesta, Familie og Helse, Bremanger kommune orgnr:
      Kort om arbeidsgiver

      Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
      Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

       

      Webside http://bremanger.kommune.no
      Bransje Kontor og økonomi
      Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
      Sted SVELGEN (Adresse: Granden 12 Postnr: 6723)
      Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
      Sektor
      Krav Unknown
      Tiltredelse Unknown
      Søknadsfrist 26-01-2025


      Kilde: NAV stillingsannonser
      https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fe6ca7b7-3575-4130-a30b-b65eaaecafbe
      IMPORTAPI